- Eg høyrde at det kom. Eg sprang ned i kjellaren her for eg var sikker på at huset skulle gå med. Det sopte med seg på begge sider av garasjen og langt nedover bøane, seier Bakken som bur ved Molde i Lærdal. Ho fekk etterkvart på seg klede og kom seg ut av huset.

Foto: Cosmin Cosma, NRK.
- Det var eit forferdeleg bråk, tok skikkeleg i og auste og auste nedover. Eg gjekk over raset og straumen i vegen. Det var høgt med gjørme og eg kjende berre korleis føtene rørte på seg i den voldsame straumen.
Ein støkk
Kari Bakken fekk seg ein skikkeleg støkk. Sjølv om det berre vart små skadar på huset, veit ho ikkje om ho kjem til å flytte attende.
- Eg er heilt skjelven enno. Eg kjende at golvet gynga under meg då eg gjekk inn i huset no nettopp, men det var sikkert berre eg som gynga. Skrekken sitt i og kjem til å sitte i lengje.
- Eg veit ikkje om eg kjem til å flytte inn att. Må sjå om dei kan få gjort noko med sikringa her. Det har drive på å rast litt og litt, men no kom alt, får håpe det har kome det som skal kome. Utan at dei sikrar betre kjem me ikkje til å flytte inn att. Det er ikkje sikkert eg har same flaksen neste gong. Det skal vel noko til, seier Kari Bakken.