Hopp til innhold

Skremde folk med slegge

Ein sogning i slutten av 20-åra må betale 4.000 kroner for skremmande framferd ovanfor bilistar. Væpna med ei slegge gjekk mannen ut i vegen framfor ein bil og lata som han skulle slå, før han gjekk ut att av vegen. Mannen var iført ein buff slik at berre augo viste. Mannen har godteke bota.