Skreiv kontrakt om ny tunnel

Statens vegvesen skreiv tysdag kontrakt med Hæhre Entreprenør om forlenging av eksisterande Støylsnestunnelen på riksveg 5 i Jølster. Totalt blir tunnelen 8,6 kilometer lang, og får namnet Kjøsnestunnelen. Kontrakten er på 650 millionar. Reisande kan bu seg på stengingar frå november.

Hæhre og Statens vegvesen skreiv kontrakt om bygging.
Foto: Silje Drevdal / Statens vegvesen