Hopp til innhold

Så mykje kosta manglande bilbelte oss

I helga måtte nordmenn ut med to millionar kroner for manglande bruk av bilbelte. 50 førarar vart meld for usikra born.

Kontroll

ILLUSTRASJON: Statens vegvesen skreiv ut gebyr for to millionar kroner under storaksjonen i helga.

Foto: Nils Mehren / NRK

Avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen meiner tal melde bilførarar er alt for høgt.

Etaten har mogelegheit til å melde førarar som ikkje sikrar born mellom 0–14 år.

– At 50 førarar ikkje sikrar sine born og unge er alvorleg. Eit usikra barn kan bli alvorleg skadd eller drepen sjølv i låg fart, seier Ranes.

To millionar kroner

I alt 70.000 bilførarar vart kontrollerte under Statens vegvesen sin landsomfattande kampanje i helga. Av desse fekk 1.317 gebyret på 1.500 kroner.

Noko som svarar til 1 975 500 kroner.

– Tala er omtrent på same nivå som ved tidlegare kontrollar, seier Ranes.

Mona Iren Lid

NØGD: Mona Iren Lid.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Konsulent Mona Iren Lid i Statens vegvesen leia aksjonen i Sogn og Fjordane. Her vart det skrive ut gebyr til 18 av kring 2040 kontrollerte bilistar.

– Vi er veldig nøgde. Vi har kontrollert mange køyrety, gebyrtalet er ikkje frykteleg høgt og vi har fått snakka med veldig mange folk. Det er ein viktig del av tryggleiksarbeidet å få snakke om viktigheit av å bruke bilbelte og å bruke det rett, sa Lid etter at kontrollane var avslutta søndag.

Nokre som slurvar

– Men kontrollane viser at det framleis er nokre som slurvar med beltebruken, la konsulenten til.

– Dei aller fleste brukar bilbelte, og mange meiner de burde bruke tida på andre ting?

– Vi ser på bilbeltekontrollar som eit viktig arbeid i trafikktryggleiksarbeidet. Det viser seg av ulukkestal at over 35 prosent av dei som omkjem har ikkje brukt bilbelte. Om vi kan vere med å få ned desse tala, så er vi kjempenøgde og det er difor vi er ute

Ingen gebyr i Sogndal

Kampanjeleiar og rådgjevar for trafikktryggleik i Statens vegvesen Region Vest, Thorbjørn Thiem, seier kontrollaktiviteten i Sogn førte til tre gebyr. Her vart 291 bilførarar kontrollerte.

Helgas store lyspunkt var Sogndal der det ikkje vart eitt einaste gebyr blant 200 kontrollerte førarar.

– Isolert er vi på ein prosent som ikkje brukar bilbelte, men aller helst hadde vi sett at hundre prosent hadde brukt belte. Det er det beste tryggleikstiltaket du kan ha bil, seier han.