Skredfaren aukar - svært farleg i fjellet

Faren for snøskred aukar over heile Sogn og Fjordane i morgon. I tillegg vert det uvêr.

Skredfare

STOR FARE: Nedbør opp mot 100 millimeter, sterk vind og svake snølag er i vente i fjordane og sogn dei komande dagane.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Vind, nedbør og svake lag med snødekke i fjellet fører til at faregraden for skred er sett til fire onsdag, seier vaktleiar på skredvarslinga i NVE, Jostein Aasen.

Full storm

Dårleg sikt i Sogn skisenter

KAN BLI SLIK: Mykje nedbør kan gje store utfordringar for dei som ønskjer seg ut på ski i vinterferien.

Foto: Runar Tørvi

Vinterferieveka kjem med full storm på kysten ved Stad, utrygt for torevêr og snøen dukkar opp på fire hundremeters høgde.

Dette gjeld tysdag for heile fylket. Då vil det også vere vanskelege køyreforhold i fjellet, med fare for kolonnekøyring på kort varsel på fleire fjellovergangar.

– Det er betydeleg skredfare og vi oppmodar alle om å unngå å opphalde seg i område som er brattare enn 30 graders helling, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Verre og verre

Ho fortel at det vert verre utover onsdag.

– Det kan kome mellom 80–100 millimeter med nedbør, og det vert sørleg sterk og stiv kuling og liten og til dels full storm ved Stad.

Faregraden for skred i fjellet sett til tre. Men onsdag endrar det seg.

– Heile Sør-Norge får plussgrader og med vinden og nedbøren som er i vente, set vi faregraden til fire i Sogn- og Fjordane region, seier Aasen i NVE.

Hald avstand til bratte terreng

Snøskred ved skisenter i Sogndalsdalen

SKRED: Skreda i Sogn i vinter kan komme i reprise denne veka åtvarar Meteorologisk institutt.

Foto: Marta Stina Lidström

I Sogn har det gått fleire snøskred, og no aukar faren for fleire skred.

– Det er mange lag med svake lag med snødekke i fjellet og det toler dårleg mykje vind og nedbør, og kan dermed føre til skred.

Det er også fare for snøsmelting.

– Faregrad fire vil vi nok halde på utover torsdag ettermiddag og, seier Aasen som ber alle som skal i ut på ski i fjellet om å oppdater seg på nettsida varsom.no.

– Hald avstand til bratte bakkar og sjekk området før du legg ut på tur, seier skredvakta.

Ferie og festival utsett

Sogn Skisenter

DRAUMEN: Fjellsportfestivalen skal starte onsdag, og mange har gleda seg lenge til slike opplevingar som på biletet. Men dårleg vêr kan øydeleggje for gleda.

Foto: Håvard Nesbø

– Det vert arrangert Fjellsportfestival i Sogn frå onsdag og mange har vinterferie. Kva er oppmodinga til dei?

– Ta turen ut tidleg i dag om du har tenkt deg på ski, og ikkje ta unødige sjansar.

For festivalen sin del meiner Aasen at røynde arrangørar har god kompetanse på utfordrande fjellforhold.

– Dei er dyktige folk som veit godt kva dei driv med, seier han.