Hopp til innhold

Skogigant velta to lokale selskap

Søksmålet frå skogiganeten Crocs har ført til at både Dagaz Nordic AS og butikkjeda Jakt og fritid er konkurs.

Crocs-sko
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Skogiganten vann i mai i fjor fram med eit søksmål på ein million kroner mot Bygstad-verksemda Dagaz Nordic.

Skulda for kopiering

Dagas Nordic AS importerte sitt eige skomerke, Dagaz Clogs, og selde dei til ein billigare pris. Kloggane var for like den originale Crocs. Skogiganten kravde stogg i skosalet og tok Dagaz til tingretten . I dag skriv Firda at tapet vart ei for stor økonomisk bør for eineeigar og dagleg leiar, Torgrim Haugen.

- Dette er heilt vilt. Det er kroken på døra i mine auge. No tek eg kanskje i litt, men det er klart at det får konsekvensar for eit så lite firma som oss, sa Per Egil Pedersen – ein av tre tilsette i Dagaz Nordic AS, til NRK etter at domen var kjend .

Gav garanti

Advokat for Haugen, Jan Carsten Dyngen, opplyster til avisa at også Jakt og Fritid, som gav økonomiske garantiar, måtte melde oppbod som følgje av søksmålet. Den hadde butikkar i Ørsta, Førde og Sogndal.

LES OGSÅ: Til sak mot Bygstad-mann

LES OGSÅ: Liknar dei for mykje?

Vil starte opp att

Haugen si tredje verksemd, Yrkesklær AS, skal ha forhandla fram ein avtale med den største kreditoren, Sparebanken Sogn og Fjordane, om å kjøpe varelager og driftsinventar i dei tre butikkane.

Bygstadmannen tek sikte på å komme i gang att med drift i butikkane i Førde og Sogndal.