Skogbrannen er sløkt

Skogbrannen på Kaupanger er sløkt. Eit 200 kvadratmeter stort område nedanfor TV-sendaren på Storehogen er svidd av. 

Brannen oppstod i eit vanskeleg tilgjengeleg område, der det ikkje går veg.

Alarmsentralen kjenner ikkje grunnen til at det byrja å brenne i skogen.

Brannen vart meldt klokka 11.11.