Hopp til innhold

Bålbrenning årsaka til skogbrannen på Stadlandet

Eit bål ute av kontroll førte til at brannmannskap i dag måtte kjempe mot flammane i skogen i Ervik på Stadlandet.

Skogbrann på Refsnes i Ervik på Stadlandet.

RETT BAK BUTIKKEN: Brannmannskap jobba måndag ettermiddag med å få sløkt brannen på Refsnes i Ervik.

Foto: Jon Frogner

  • Brannvesenet har kontroll på brannen.
  • Eit område på om lag 30 ganger 150 meter har brent
  • Det er svært tørt i terrenget

NRK har snakka med fleire vitne til skogbrannen og vi får stadfesta frå sikkert hald at årsaka er at nokon tente eit bål i skogkanten.

Bålet kom ut av kontroll i det tørre terrenget og spreidde seg raskt oppover skogen mot fjellsida.

– Vi har fått kontroll på brannen . I alt 12 brannmenn frå ulike stasjonar har vore med i sløkkinga. Vi har vore heldige med vindretninga, seier leiar for Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

Måndag ettermiddag fekk politiet melding om brann i terrenget på Refsnes i Ervik, ved krysset til Honningsvåg.

– Brannen spreier seg fort, men vindretninga er gunstig nett no i forhold til hus og bygningar, sa operasjonsleiar Eivind Hellesø i Vest politidistrikt.

Brannen starta i terrenget ovanfor den lokale Joker-butikken og det samla seg raskt ein del folk ved butikken.

Ervik på Stad er eit svært populært turmål, ikkje minist for surferar frå heile verda.

Butikkstyrar Tone Årsheim har knapt med tid til å snakke med NRK då vi tok kontakt.

– Det er svært hektisk her no, sa Årsheim til NRK.

Brannvesenet i aksjon på Stadlandet

AKSJON: Lokalt brannvesen rykte ut til skogbrannen på Stadlandet.

Foto: Jon Frogner
Brann på Stadlandet