Hopp til innhold

Tok fyr i skogen etter lynnedslag

Torsdag kveld første fleire lynnedslag til at det tok fyr på Engelsbøfjellet i Måren. Området ligg langt frå folk, og trass i hjelp frå helikopter frå Austlandet, var det ei skikkeleg regnskur som til slutt fekk kontroll over brannen.

helikopter

HELIKOPTER ER FRAMME: For å starte arbeidet med brannslokking har brannmannskapet venta på helikopter frå austlandet.

Foto: Guri Klævold

Brannvesenet har rykt ut til ein skogbrann på Engelsbøfjellet i fjellområdet på Måren, rett over fjorden frå Noreide. Brannvesenet ventar på eit skogbrannhelikopter, fortel Jan Gunnar Holvik ved Brannsentralen i Florø til NRK.

Må berre la det brenne

Innan helikopteret kjem, er det ikkje mykje brannmannskapet kan gjer. Brannen så høgt oppe at det er umogeleg å få opp mannskap på staden.

– Vi ventar på helikopter som skal komme frå Austlandet. Det skal vere i Høyanger rundt klokka 21.00 fortel Holvik.

Odd Ivar Klæven bur ytterst på Kyrkjebø og har sett røykutviklinga sidan lynet slo ned i kveld.

– Vi har jo sett på, det kan sjå ut som at det er litt mindre røyk enn tidlegare. Det er jo litt skummelt med skogbranna, det kan jo fort spre seg, men vi er vel trygge herfrå, seier Klæven.

Helikopter på staden

Helikoperet er framme på staden, og har starta slokking.

Brannmannskapet vurderar det no som sløkt, grunna voldsomme nedbørsmengder, seier Anne-Marie Nekkøy ved Alarmsentralen.