Skog- og lyngbrannfare

I dag sender Meteorologisk institutt ut farevarsel om moderat skog- og lyngbrannfare på vestlandet i områder utan snødekke. Med lite regn i sikte dei neste ti dagane, oppfordrar meteorolog Geir Ottar Fagerli folk til å vera forsiktige med open eld.