Sklei av vegen i Førde

Naudetatane har rykt ut etter at ein bil sklei av Flugedalsvegen i Førde. Det var ein person i bilen. Bilen har sklidd ned ein skrent og kollidert med eit tre. Bilførar melde sjølv frå om uhellet. Politiet opplyser at det truleg er snakk om lettare skade.