Ein russisk radiostasjon melder at politiet i Florø har sett i verk tiltak for å beskytte familien Kungajev.
Advokat for familien
Til radiostasjonen har Kungajev sagt at politiet har iverksett tryggingstiltak rundt heimen hans, mellom anna vakthald ved huset der dei bur og vakt når familiemedlemene bevegar seg ute.
Advokaten som vart drepen i Moskva måndag representerte blant anna familien i Florø som flykta til Noreg i 2003.
- Vi er veldig sjokkerte over drapet. Då vi snakka med Markelov for nokre dagar sidan, fortalde han at han hadde fått drapstrugslar på telefon og på SMS, seier dottera Larissa Kungajeva til NTB.
- Offiser står bak drapet
Drapet på advokaten Stanislav Markelov skjedde berre fire dagar etter at den russiske offiseren Jurij Budanov vart laustlaten. Han er dømd for drapet på 18 år gamle Elza Kungajev, dottera i familien som no er busett i Florø.
Familien Kungajev er overtydd om at det er Budanov som står bak drapet på advokaten, skriv NTB.
Han vart i 2003 dømd til ti års fengsel for drapet, men nyleg bestemte ein domstol at han skulle bli lauslaten eitt år før tida. Markelov vart drepen like etter at han hadde halde ein pressekonferanse der han opplyste at saka muligens ville bli anka inn for ein internasjonal domstol.
Kjenner sterkt press
- Vi har hatt ein samtale med han i føremiddag der han har sagt at han føler presset sterkt frå det som har skjedd i Russsland, seier politistasjonssjef i Flora Nils Erik Eggen som ikkje vil stadfeste om vakthaldet rundt familien er skjerpa.
- Vi er merksame på situasjonen han er i, og det har vi vore gjennom fleire år. Dette er godt kjent for oss, seier Eggen.
- Ser de på hendinga i Russland som ein direkte trussel mot familien i Russland?
- Det er vanskeleg for meg å vurdere. Vi registrerer det som har skjedd, men eg vil ikkje ha nokon meining om trusselen mot han er skjerpa, seier Eggen.