Det var førre fredag ein 34 år gamal mann frå Gulen vart lettare skadd i eit motorsykkeluhell og vart send til Førde Sentralsjukehus. Der klaga han heile helga over smerte i kroppen. Måndag vart han send med helikopter til Haukeland sjukehus i Bergen, men døydde kort tid etter at han var komen dit. No undersøker politiet dødsfallet som mistenkeleg, seier politiadvokat Terje Gjertsen.
- Går hardt inn på personalet
Og på Førde sentralsjukehus tek dei dødsfallet svært alvorleg. - Det har gått hardt inn på ganske mange som jobbar på sjukehuset, og vi har hatt ein debriefing der alle involverte var med, seier Lida. Der gjekk vi gjennom om det var noko vi kunne gjort annleis og om det var noko vi ikkje forstod. Det var så mange andre ting som kunne forklart dei symptoma pasienten hadde, seier overlegen
Rutinane vert skjerpa
Bakteriane som tok livet av 34-åringen frå Gulen har mange menneske naturleg i seg, men kjem dei over i blodet, kan blodet gå i oppløysing, og då er det veldig lite å gjere. Men uansett om pasienten hadde bakteriane i kroppen då han kom til sjukehuset, eller om han fekk dei der, så blir rutinane no skjerpa, seier overlege Svenning i Lida.