Hopp til innhold

Skjerpar branntryggleiken for eldre

Kommunalministeren vil skjerpe krava til branntryggleiken på eldreinstitusjonane.

Magnhild Meltveit Kleppa

Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa vil krevje sprinkleranlegg på eldreinstitusjonar for å hindre brannar som i Høyanger søndag kveld.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Søndag vart omsorgsbustadane i Høyanger totalskadde, og 62 personar evakuerte, under ein dramatisk brann.

Nytt framlegg i mai

Bustadane hadde ikkje sprinkleranlegg , noko som kunne hindra storbrannen . Iherdig innsats frå fleire frivillige, tilsette og profesjonelle redningsarbeidarar , hindra at liv gjekk tapt. 12 personar vart sende til sjukehus med røykskadar etter brannen som av mange vart skildra som eksplosjonsarta . Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa varslar at eit framlegg som skjerpar krava til branntryggleiken.

- Dette kjem i bygningsdelen for den nye plan- og bygningslova. Det kjem framlegg i mai månad, seier ho og varslar krav om automatisk sløkkjeanlegg.

Video nsps_upload_2009_1_5_19_46_1_1534.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Må kome krav

Odd Røed, som er fagdirektør i Gjensidige, har analysert fleire brannar dei siste åra. Han meiner at det må kome krav om sprinkleranlegg i bustadar der folk ikkje klarer seg sjølve eller ikkje kjem seg ut på eiga hand ved brann.

- Det viktigaste i denne type bustadar er å anten ha eit permanent sprinklaranlegg montert, eller det som no som kjem meir og meir på marknaden, desse mobile vasståkeanlegg som ein kan sette inn i bustadar, seier han.

Video nsps_upload_2009_1_5_8_1_33_1477.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ikkje berre nybygg

I følgje Røed er nyare bygningar meir utsette for eksplosjonsarta brannar , slik som ved dei ti år gamle omsorgsbustadane i Høyanger.

- Når det gjeld eldre bygg så sorterer dei under justisdepartementet, men også der blir det jobba med ei innskjerping av regelverket, seier Meltveit Kleppa.

Video nsps_upload_2009_1_5_10_4_53_1480.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.