Skjelpadda Turbo forsvann i tre veker – grov seg ned i blomebedet

Ikkje ein gong sporhundar kunne finna skjelpadda. Men Turbo sette ikkje akkurat inn høggiret dei tre vekene han var på rømmen.

Skjelpadda Turbo saman med matmor Sarah Lørdahl Heggestad.

HEIME ATT: .... eller, Turbo var jo aldri borte frå eigedomen. Funnen att, er kanskje rettare.

Foto: Privat

– Eg hadde eigentleg gitt opp, seier Sarah Lørdahl Heggestad.

Det var fredag 30. juli at den skjelpadda Turbo plutseleg forsvann for Heggestad.

Ho trudde far hennar hadde kontroll på skjelpadda. Han trudde Turbo var på verandaen.

Skjelpadda Turbo saman med matmor Sarah Lørdahl Heggestad.

MATMOR: Sarah Lørdahl Heggestad er glad for å ha Turbo tilbake.

Foto: Privat

Men det militærgrøne reptilet, berre litt mindre enn ei suppeskål, hadde for fyrste gong kome seg ned trappa frå verandaen åleine.

– Han har aldri gått ned den trappa. Han snur alltid der og går inn att, kunne Heggestad konstatera til NRK då Turbo hadde vore på rømmen i ei veke.

Sporhundar fann ikkje Turbo

Turbo sin vesle "ferie" varte i vel tre veker.

– Det er mange naboar som har leita, og me har til og med hatt sporhundar her, seier matmora.

Det gav ikkje resultat. Sjølv om mange nordmenn i sommar har feriert her heime, la den greske landskjelpadda "ferien" enno nærare heimen enn mange andre.

Han hadde nemleg gøymt seg nokre få centimeter frå heimen.

– Pappa skulle fiksa litt i blomebedet. Og der låg Turbo, godt gravd ned i jorda, seier Heggestad.

Skjelpadda kom i hus att tysdag. Avisa Hordaland skreiv om saka fyrst.

Her vart Turbo funnen, etter tre veker på rømmen

HIT, MEN IKKJE LENGER: Her hadde Turbo gøymt seg.

Foto: Privat

Reptilekspert fekk rett

– Desse skjelpaddene kan finne på å grava littegrann. Eg heiar mest på at han er i nærleiken, sa reptilansvarleg på Akvariet i Bergen, Remi Andersen, til NRK 5. august.

Då hadde Turbo vore på rømmen i nesten ei veke.

– Han hadde heilt rett, konstaterer Heggestad etter at Turbo no har kome i hus.

– Eg trudde ikkje han var så flink til å grava seg ned, seier matmora.

Skiten og tyrst

Då Turbo kom i hus att tysdag, var han ikkje svolten. Derimot var han både skiten og tyrst, og ville gøyma seg i buret sitt.

– Mat har han nok ete mykje av, det var vatn han trong, seier Heggestad.

Passar du kanskje ekstra godt på Turbo framover?

– No trur eg eg skal setja opp eit gjerde, seier matmora.

Sarah Lørdahl Heggestad vaskar skjelpadda Turbo

TØRST: Turbo var ikkje så svolten etter tre veker i blomebedet, men møkkete og tørst.

Foto: Privat