Bak disken ved Sogndal Lær og skotøyforretning har han ført statistikk over alt som tenkast kan rundt Sogndal Fotball. I desse dagar er det ekstra nervepirrande.
– Det er grufullt, seier Jakobsen.
På veggen heng statistikken som eit bevis på at nedrykksstrid ikkje er heilt ukjent for sogningane. Folk i bygda er vande med at fotballaget deira kjempar ein hard kamp i botnen av eliteserien på hausten.
– Er vi midt på tabellen har vi ikkje noko å spele om, men eg ville jo helst at vi skulle halde oss i serien. Kvalik er kjekt det, så lenge vi vinn, ler han.
På sundag ventar nok ein skjebnekamp. Sogndal kjempar om kvalifiseringsplass, og må ta poeng mot Vålerenga for å halde seg i serien.
– Alt er opp til oss
Det har aldri vore jamnare i kampen om å unngå nedrykk frå eliteserien. Med eitt mål meir ligg Aalesund over Sogndal på tabellen.
– Alt er opp til oss. Fokuset mitt no er å slå Vålerenga, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.
Han får følge av kaptein Even Hovland.
– Vi har ein plan om å gi Vålerenga god motstand og helst få med oss tre poeng.
Spelaren med mest erfaring prøver sitt beste med å ufarleggjere situasjonen laget no står i.
– Det er berre sport vi driv med, så vi må senke skuldrene, seier midtstoppar Kjetil Wæhler.