På skifolket sin eigen nettstad "friflyt.no" er dei mange som er tekne i promille- og fartskontroll i Stryn dei to siste helgane i juni heftig diskutert. "Kan ikke sies å vere en bombe at purken tar noen kontroller der oppe når alkoholen flyter som den gjør", skriv ein. Ein annan uttalar "Det er mange som burde latt bilen stå". "I et miljø som vårt er det mange slike", skriv ein anna om promillekøyringa.
Promille og høg fart
Og statistikken fortel sitt. Dei to siste vekene i juni vart heile ni bilistar fråteken førarkortet etter å ha blese raudt. Politiet stadfestar at alle desse er skituristar på veg til sommarskisenteret. Som tidlegare omtalt vart også 27 personar tekne i fartskontroll og det vart gitt bøter for ein halv million kroner desse to helgane.
- Urovekkjande
Leiar i trafikktryggleiksutvalet i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes meiner dette er urovekkjande, og at ei haldningsendring må til innan visse miljø.