Hopp til innhold

Skisesongen møtt med unormalt gode forhold

Skisesongen har eigentleg aldri slutta heilt, men no startar den likevel på nytt med mykje ny snø. Det opnar mange moglegheiter for både nybegynnarar og erfarne frikøyrarar.

Bjørn Næss

GOD STEMNING: Bjørn Næss er svært blid når han kjem seg ut på ski. Sidan nysnøen kom for halvanna veke sidan har han vore på fleire turar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det er alltid kjekt få begynne på ny og fersk snø. Vi begynte vel for om lag ei halvanna veke sidan. Då gjekk vi frå å springe på tørre og fine stiar i Kaupanger til skikkeleg skiføre i Sogndalsdalen, seier Bjørn Næss.

Han har allereie hatt fleire turar. Får han ikkje nok turar, blir det fort abstinensar for skientusiasten.

Ein kjapp tur før skuletid

Og han kan fortelje om svært gode skiforhold i Sogndalsdalen.

– Det som har vore litt spesielt i år er at vi fekk utruleg bra skiforhold tidleg. Det er ikkje unormalt å starte skisesongen i november, men forholda er utruleg bra til å vere så tidleg, seier Næss.

Då NRK møtte han tidleg onsdag morgon på parkeringsplassen under fjellet Togga i Sogndalsdalen, skulle det dessverre ikkje bli tur på han. Men tur vart det for Øystein Uglum Henjum. Ein liten tur til Svartholten før skule.

– Det er ikkje toppen som er målet no. No er det meir for å få litt skikøyring på morgonen. Det var godt å få kome i gang med sesongen, seier han.

Øystein Uglum Henjum

TIDLEG OPPE: Øystein Uglum Henjum rekk alltids ein liten skitur før han må på skulen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Er du blant dei som litt lyst å komme deg ut på ski, men ikkje heilt veit om omfanget av turane blir for tøffe? Ingen grunn til å fortvile.

– Det som er veldig fint med området her er at det er moglegheiter for alle, både for nybegynnarar og dei som vil drive med ekstremkøyring, seier Næss.

Fleire gode turar for nybegynnarar

I starten av sesongen kan det for det første vere lurt å halde seg unna toppane. For så tidleg på sesongen kjem det ofte mykje snø, og då er ikkje sikta alltid like bra, fortel han.

Næss anbefaler å gå enten til Svartholten eller oppover mot skoggrensa på Togga.

– Der kan du gå til noko vi kallar Johannesbjørka på lokalt språk. Det er det siste treet på veg opp mot Togga. Der har du referansepunkt og god snø. Så gå heller den to-tre turar i staden for å gå på toppane der du ikkje har så god sikt. Den turen tek du gjerne på ein time, seier han.

Men når det lir litt utover i sesongen anbefaler han nybegynnarar å reise til Sogndal skisenter, ta heisen heilt opp og gå til Blåfjellet.

– Det er den mest klassiske turen for alle, både familiar og nybegynnarar. då kan du køyre ned på anten nord- eller sørsida alt etter kor bratt og kor god snø du vil ha.