Eli Sollied Øveraas. Foto: Ivar Eidheim
Det stadfestar stortingrepresentant Eli Sollied Øveraas frå Senterpartiet. Ho har tru på at skipstunnelen blir behandla og avgjort i Stortinget i løpet av 2006.
- Det er ei sak som har gått i 20 år. Både folk på Stad, fiskarar og andre brukarar må få ei avklaring på kva Stortinget vil, seier ho.
Gjennom Stadlandet
Blir Stad skipstunnel bygd, slepp dei sjøfarande å uroe seg for det lunefulle og farlege Stadhavet. Tunnelen skal nemleg gå gjennom Stadlandet. Men det er ikkje avgjort om skipstunnelen blir bygd ved hjelp av private midlar, som staten vil betale tilbake i form av leige.