Hopp til innhold

Skipet mista kontrollen før det krasja ved Måløy

Lastebåten «Silver Pearl» mista styringa før den dundra inn i kaien i Måløy laurdag.

– Då skipet gjekk frå kai og skulle dra sørover, ser det ut til at det mista alt av motorkraft og styring, ein såkalla «blackout», seier Morten Andreas Hagen, innsatsleiar Vest politidistrikt, Måløy, til NRK.

Han fortel at skipet gjekk automatisk over i full revers.

– Den gjekk rett i kaien på intercomterminalen på to plassar. Det er kort tidsramme, så dei har ikkje rukke å gjere så mykje med det.

Det står att å finne ut om det var menneskeleg eller teknisk svikt som førte til blackouten. Sjøfartsdirektoratet er varsla, og Veritas skal truleg undersøke kva som har skjedd.

Skipet skal no bli liggande til direktoratet har vore innom, ifølgje politiet.

Politiet opprettar sak og har tatt beslag i diverse utstyr på båten. Dei gjer også avhøyr av aktuelle personar. Det er ingen personskadar eller fare for lekkasjar.

Politiet vi også undersøke om det kan vere andre årsaker til krasjen i kaien.

Lastebåt i kaien i Måløy
Foto: Erling Wåge