Hopp til innhold

Skinlo blir kommunedirektør i Sogndal etter dramatisk møte

Tor-Einar Skinlo blir ny kommunedirektør i Sogndal kommune. Han kjem frå jobben som konstituert kommunedirektør.

Tilsetjingsutvalet hadde innstilt Ørjan Haram frå Molde til stillinga. Under møtet fremja Arne Glenn Flåten (H) ein motkandidat: noverande konstituert kommunedirektør, Skinlo. Då vart møtet lukka.

Då møtet opna att sa ordførar Arnstein Menes (Sp) at han vil fristilla seg frå tilsetjingsutvalet og røysta for Skinlo som ny kommunedirektør.

– Det gjer eg av omsyn til kontinuitet og stabilitet i Sogndal kommune, sa han.

Etter ein kort debatt vart Skinlo samrøystes vald.

– Eg er nøgd med at me har fått ein dyktig kommunedirektør og at vedtaket er samrøystes, seier Frode Bøthun (KrF).

– Me hadde gode kandidatar og ein god prosess. No har eit samrøystes kommunestyre valt Tor-Einar Skinlo til kommunedirektør, og eg ønskjer lukke til og ser fram til samarbeidet, seier varaordførar Vibeke Johnsen (SV).

Raymond Lind, leiar i fagforbundet i Sogndal, er kritisk til prosessen:

– Det er leit at kommunestyret har valt å gå imot tilsettingsutvalets innstilling. Trepartssamarbeidet har blitt tilsidesett, tilsettingsutvalet og de tillitsvalde har nå jobba for ingenting, seier han.