Hopp til innhold

Skiløpar teken av snøskred i Sogndal

Siste: Politiet har avslutta aksjonen på staden. Truleg er ingen andre tekne av raset.

Ein skiløpar blei teken av eit 100- 150 meter breitt snøskred i Nystdølfjellet ved Frudalstunnelen i Sogndal fredag ettermiddag.

Personen greidde å berge seg sjølv ut og kontakta politiet om hendinga klokka 14.01.

Skiløparen var på tur med ein annan person då snøskredet gjekk.

– Vi har ingen opplysningar om at dei skal vere skadde, seier Tom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Dei to personane har teke seg ned til bilvegen. Politiet er på staden med dei no.

– Det er ikkje kome opplysningar om at fleire personar skal vere tekne av raset, men vi held likevel fram aksjonen med personell frå Røde Kors og Norske Redningshunder. Vi må deretter ta ei vurdering om vi skal søke vidare, men per no er det ingenting som tilseier at nokon har blitt tekne av snøskredet, seier Johannessen i Vest politidistrikt.

Det er fleire bilar på ein parkeringsplass nede ved vegen. Politiet sjekkar no at ingen bileigarane er sakna.

Det var eit vitne til skredet som varsla politiet. Vedkommande såg at det var personar i området.

Politi og frivillige rykte ut til staden, men blei altså etter kort tid varsla av ein skiløpar som blei teken av raset.

Raset gjekk frå toppen av Nystølfjellet og ned over fjellsida.

Det er meldt om gult farevarsel for snøskredfare, ifølge varsom.no.

Skred ved Frudalstunnelen
Foto: ski.fantomet/regobs.no