Hopp til innhold

Skiløpar gjekk seg bort i tåke og snøvêr

Ei kvinne i 50-åra som hadde gått seg bort på Sognefjellet, er no funnen og henta av hjelpemannskap.

Krosshøe

Kvinna var på skitur då ho blei overraska av tåke og snøvêr på Krosshøe ikkje langt frå Sognefjellshytta.

– Røde Kors Hjelpekorps og Norske redningshundar er på veg. Vi har snakka med ho, og vi er ganske sikre på posisjonen hennar. Ho er i god behald og ikkje skadd, sa operasjonsleiar Marianne Brun hos politiet i Innlandet i 18:30-tida.

Klokka 20:30 melder politiet at kvinna blei lokalisert av luftambulansen og henta ut av ei snøscooterpatrulje frå Røde Kors Hjelpekorps.

Det skal ha vore eit par kilometer til vegen frå der kvinna stod fast. På grunn av bratt og vanskeleg terreng, og at det er mykje tåke i området, blei kvinna beden om å stå i ro til hjelpa kom.