Hopp til innhold

No kjem mildvêret igjen – ved fleire skianlegg kryssar dei fingrane

Det kraftige snøfallet den siste veka kan ha berga fleire skianlegg på Vestlandet. Men i helga skal det høljregne.

Snøforholdene i Voss Resort februar 2020

VOSS: Slik såg det ut på Voss torsdag. Etter gode dagar for alpinanlegga på Vestlandet den siste tida, går det mot mildvêr fleire stader.

Foto: Grete Viste / Voss Resort

Milde vintrar har ført til store problem for fleire norske skianlegg. Utan snø kan dei ikkje halde ope, og fleire har frykta kva framtida vil bringe.

Medan snørike område som Voss, Myrkdalen og Røldal har drukna i puddersnø, har det vore skrinnare på Utvikfjellet i Nordfjord.

Laurdag har skisenteret sin aller første opningsdag, i midten av februar.

– Snø er like vesentleg for eit skisenter som mat og drikke er for eit menneske, seier driftsleiar Runar Kleppe ved Breimsbygda skisenter.

Runar Kleppe på Breimsbygda skisenter

DÅRLEG SESONG: – Det har jo stort sett vore grønt gjennom heile vinteren, seier Runar Kleppe. No håper han snøen kan bli liggjande.

Foto: PRIVAT

Sesongopning i midten av februar

I Gloppen har snøfallet som har kome den siste veka vore svært kjærkome. Laurdag sesongopnar anlegget på Utvikfjellet. Det er lovleg seint, ifølge driftsleiaren.

No håpar Kleppe at snømengdene som har kome er nok til å sikre anlegget mange driftsdagar.

– For oss er det heilt fantastisk. Dette har vi venta på sidan november, seier Kleppe.

To dårlege sesongar har gått hardt ut over drifta av skisenteret. Laurdag opnar heile anlegget og då satsar Kleppe på at dei kan halde ope til etter påske.

– No håper vi at folk kjem og utnyttar snøen medan han er her.

Klart på Kvamskogen

Furedalen alpinanlegg på Kvamskogen

ETTERLENGTA: – No har vi endeleg fått nok snø som har ført til at vi kan opne dei store trekka som vi har her, seier Jan Guttorm Skeie ved Furedalen alpinanlegg på Kvamskogen.

Foto: Jan Guttorm Skeie

Fleire skianlegg deler Kleppe sin entusiasme for snøen som den siste veka har velsigna store deler av vestlandet.

– Akkurat no er stemninga god her på Kvamskogen, seier dagleg leiar Jan Guttorm Skeie fredag ettermiddag.

Skieldoradoet aust for Bergen har også fått sine snømengder. Skianlegget Furedalen Alpin opna for kveldskøyring i midten av veka.

Denne helga vil dagleg leiar Skeie, i likskap med kollegaen i Gloppen, endeleg opne heile anlegget for første gong denne sesongen.

Varslar store nedbørsmengder i helga

Og snømengdene kan ha redda sesongen for fleire.

For når temperaturane no skal stige, tvinger mildvêret snøgrensa oppover.

Meteorologisk instutt har sendt ut farevarsel om sterk vind, mykje regn, flaum og snøskredfare i Sør-Noreg og deler av Vestlandet denne helga.

I Vest-Agder og Rogaland, Sunnhordland og Hardanger er det venta å kome mellom 60-80 mm nedbør på 12 timar.

Den verste perioden er frå laurdag kveld til sundags morgon.

Meteorolog Gunnar Livik seier at det kan kome regn opp til tusen høgdemeter i løpet av helga.

– Men frå søndag av og i starten av neste veke kan det kome snøbyer frå 4–800 høgdemeter igjen, varslar Livik.

Til trass for at det er meldt ein del regn og mildvêr framover, håper Skeie at det ikkje vil øydelegge for sesongen. Anlegget på Kvamskogen ligg rundt 400 meter over havet.

– Vi håper at vi toler det, og så kan det jo vere at det kjem snø i staden for regn, seier han lettare optimistisk.

Voss Resort

VOSS: Når det ikkje har snødd, har sola gløtta fram på Voss denne veka. Vinterferien kan berre koma, seier dagleg leiar ved Voss Resort fjellheisar.

Foto: Mathilde Hjelmeland

– No kan vinterferien berre kome

– No har vi fått eit kjempegrunnlag som eg tenker kjem til å halde ut i april månad, seier Anna Bryn, dagleg leiar ved Voss Resort Fjellheisar.

Dei har hatt ein jamn og god sesong sjølv om ikkje heile anlegget har vore ope. No har det til og med kome nok snø nede i Bavallen til at besøkande kan boltre seg i heile trekket.

Ifølge nettstaden skiinfo.no er det over to meter i deler av anlegget, og endå meir i terrenget.

– Det her ser lovande ut for feriane, seier Bryn med referanse til vinterferien som denne helga startar i Sogn og Fjordane og i deler av Hordaland.

I Jølster håper også dagleg leiar Even Hole at Jølster skisenter kan opne i vinterferien.

– Vi har ikkje diskutert ferdig detaljane rundt vinterferien enda, men vi håper at vi kan halde ope på dagtid, seier han og legg til at snøfallet var svært gledeleg.