Hopp til innhold

Meiner ny regel vil øydelegge for små ombruksbedrifter

Naturvernforbundet og Restarters Norway fryktar ein «monopolsituasjon» dersom returpunkta sjølve skal bestemme kven som skal få hente elektrisk avfall.

Fiksefest

FIKSEFEST: Restarters Norway oppmodar folk til å lære seg sjølv å fikse småelektronikk, og gå til profesjonelle aktørar med større varer.

Foto: Restarters Norway

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi er skeptiske til at butikkar og kommunar sjølve skal få avgjere kven som skal få hente el-avfall hjå dei.

Anine i Restarters Norway

REPARERER: Anine Dedekam Moldskred på ein fiksefest for småelektronikk.

Foto: Restarters Norway

Det seier Ellen Munden Paalgard, fagrådgjevar for forbruk i Naturvernforbundet.

Ho får støtte frå Restarters Norway, som arrangerer «fiksefestar» for småelektronikk for å inspirere til ombruk av stort og smått.

– Det er flott om også små aktørar kan få bidra inn i det grøne skiftet, seier prosjektleiar Anine Dedekam Moldskred.

Nye reglar for el-avfall

No reagerer dei på eit av forslaga Miljødirektoratet kom med torsdag til nye reglar som skal hindre tjuveri av elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) frå returpunkt hjå kommunar eller butikkar.

Først til forslaga Restarters og Naturvernforbundet er samde i:

  • La ombruksaktørar og aktørar med løyve etter forureiningslova få hente el-produkt rett frå mottaksstader, så varer ikkje blir øydelagde i unødig transport.
  • Kreve skriftleg avtale mellom ombruksaktør og det enkelte returpunktet.
  • Kreve dokumentasjon på at alt el-avfall som ikkje blir ombrukt, får forsvarleg avfallsbehandling.

Men eitt punkt er dei svært skeptiske til:

  • Den enkelte mottaksstaden skal sjølv avgjere kven dei vil inngå avtale med.
Ellen Munden Paalgard, Naturvernforbundet

KRITISK: Ellen Munden Paalgard i Naturvernforbundet.

Foto: Privat

– Vi er skeptiske til at forhandlarane skal stå med den makta, seier Moldskred.

Framover forventar dei at det kjem stadig fleire nye, profesjonelle ombruksaktørar i Noreg.

– Det kan vere butikkar som har som forretningsmodell å samle inn elektronikk som enkelt kan bli reparert, seier Paalgard.

Dei fryktar at større, etablerte aktørar skal få eit slags monopol på å hente ut el-avfall frå returpunkta.

– Vi treng å få opp ein marknad for sirkulær økonomi der det også er plass til dei mindre aktørane, seier Paalgard.

Ee-avfall i konteiner hjå Power Lagunen.

EL-AVFALL: Kven skal få hente gamle vaskemaskinar og mobilar som kan bli reparert? Det er spørsmålet når nye reglar for henting av el-avfall kjem.

Foto: Silje Rognsvåg

– For mykje administrasjon

TIl dømes har Power-butikkane i Bergen avtale med éin stor gjenvinningsaktør, Norsirk. Før jul starta dei opp eit samarbeid om også å sende varer til gjenbruk via hjå reparasjonsbedriften Elektrotec på Askøy.

Varehussjef Ørjan Andersen for Power Lagunen seier dei ikkje har kapasitet til å ha avtale med fleire aktørar no.

– Eg trur det blir nesten umogleg å handtere og finne ressursar til å gjere det, rett og slett, seier han.

Frank Sande er fagansvarleg miljø i Power nasjonalt.

Han seier at det i næraste framtid ikkje er aktuelt å inngå avtalar med fleire ombruksaktørar i bergensområdet no når dei nett har begynt med gjenbruksprosjektet.

Frank Sande i Power

– PÅ BABYSTADIET: Frank Sande er fagansvarleg miljø i Power nasjonalt og leiar for kundeservice i Bergen sentrum.

Foto: Power Bergen sentrum

– Det er ikkje dermed sagt at det er planar om å ekskludere nokon.

– Deler du uroa om ein mogleg monopolsituasjon på sikt?

– Det er klart det er viktig at det ikkje blir monopol, men vi er ikkje der no. Gjenbruk i elektronikkbransjen er på babystadiet. Førebels ser eg ikkje at det er såpass stor marknad for dette at eg er redd for det, seier Sande.

Håper på betre system

Restarters og Naturvernforbundet seier dei forstår at det kan skape mykje meirarbeid for den enkelte butikk å måtte forhalde seg til fleire aktørar.

– Vi må finne ei god løysing for korleis EE-avfall mest effektivt kan gå vidare til ansvarlege aktørar, seier Paalgard.

Moldskred peiker på at ei løysing også kan vere at større forhandlarar og mottak etter kvart sjølve opprettar avdelingar for å reparere og selje produkt til gjenbruk.

Dei meiner at sjølvråde for butikkane svekkar konkurranseomsynet, og etterlyser eit system med tydelege reglar om kva som er god nok kompetanse på handtering av elektronikk.

– Miljødirektoratet må ha tydelege kriterium for kva som er god nok dokumentasjon og kompetanse som blir krevd, seier Paalgard.

Returpunkt Power Lagunen

PÅ VENT: Power i Bergen har avtale med éin gjenvinningsaktør som også sjekkar om ting kan bli ombrukt.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Mottaka har ansvar for aktørane

Det er ikkje direktoratet innstilt på.

– Vi ønsker i utgangspunktet ikkje å stille meir konkrete krav til dokumentasjon, seier seksjonsleiar Hege Rooth Olbersveen.

Men ho tek gjerne imot gode innspel nå regjeringa sender forslaga ut på høyring.

Obersveen understrekar at mottaka vil ha ansvar for at ombruksaktørar dei har avtale med, faktisk handterer avfallet på korrekt vis.

Vi ønsker med vår tilråding å fremme seriøse ombruksaktørar og sirkulær økonomi samstundes som vi forhindrar miljøkriminalitet. Vidare har returselskapa allereie i dag krav til å vurdere ombruk av EE-avfall som dei mottar i sine system, seier ho.