Meiner alternativ medisin berre er humbug og kvakksalveri

Leiar Sveinung Rotevatn i Unge Venstre meiner alternativ medisin er humbug og kvakksalveri, og ynskjer ikkje å bruke statlege midlar på det. Homeopat Bjarte Hauge tykkjer det er synd at alle vert skorne over éin kam.

Sveinung Rotevatn

BERRE HUMBUG: Rotvatn meiner alternativ medisin ikkje er verdt å bruke statlege midlar på.

Foto: Pressefoto

I eit nettmøte før jul fekk leiar Sveinung Rotevatn i Unge Venstre spørsmål om kva Venstre meinar om statleg finansiering av behandling til folk som treng alternativ medisin eller healing.

Etter spørsmålet uttalte Rotevatn at han ikkje er for statleg finansiering av det han beskriver som humbug og kvakksalveri.

– Med dei enorme helseutgiftene me får i åra framover meiner eg at me skal bruke pengane på ting som har dokumentert effekt, ikkje det som i mange tilfeller berre er lureri og magi, seier Rotevatn.

Må betale sjølv

Rotevatn ynskjer heller å prioritere den tradisjonelle medisinen enn den alternative delen.

– Folk må gjerne bruke sine eigne pengar på både healing og andre alternative behandlingsmetodar, men å bruke skattebetalarane sine pengar på ting som ikkje har dokumentert effekt, det er eg negativ til, seier Rotevatn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utsegn Rotevatn

NETTMØTE: Sveinung Rotevatn var klår på kva han meinte då han fekk spørsmål om alternativ medisin før jul.

Foto: Skjermdump (Twitter)

– Me har gode, dokumenterte behandlingsmetordar som fungerer. Dei skal me bruke pengar på, ikkje på det som i mange tilfeller er lureri, legg han til.

Mjølkar uskuldige

Mange påstår å ha effekt av alternative metodar, men Rotevatn meiner trua på at det fungerer ofte er det som gir utslaget.

– Det kan ein også få ved å gå i kyrkja og vende seg mot jesus, og andre ting i den duren. Det må også folk gjerne gjere, men skattepengane skal me bruke på legar, sjukehus og medisinar, seier han.

Veksta i den alternative medisinindustrien trur han skuldast større, mektige pengeinteresser som berre ynskjer å tene pengar på desperate og sjuke mennesker.

– Dei pumpar ut uendeleg mange behandlingsmetodar. Det er derimot ingen som har vist seg å vere noko som kan bevisast vitskapleg at fungerar. Det er difor det heitte alternativ medisin - fordi det ikkje er medisin, seier politikaren.

Set alle i same bås

Homeopat Bjarte Hauge tykkjer det er uheldig at personar som ikkje har kunnskap om feltet uttalar seg om det.

– Alternativ - kva er det, då? Alt som ikkje er skulemedisin puttar han i den båsen, seier Hauge.

Hauge fryktar at dei useriøse aktørane skal øydeleggje for dei som faktisk er kompetente på sitt fagområde.

– Eg er heilt enig i at det er mykje useriøst. Det er mange som driv å behandlar folk som aldri skulle gjort det. Bod nummer ein burde heller vere å få rydde vekk alle dei useriøse aktørane, seier han.

No etterlyser han strengare kontroll av alternativ behandling i Noreg.

– Mange kjøper homeopatmedisinar og urtemedisinar på eigehand, og trur at alt frå naturen er heilt ufarleg, difor proppar dei det i seg utan hemningar. Eg har møtt folk som har vorte nærast uføretrygda av medisinar som dei har fått frå folk som kallar seg homeopatar, fortel Hauge.

Strengare krav

Han håper no at det i det minste vil bli sett strengare krav til kva informasjon som vert kringkasta om homeopati og anna alternativ medisin, slik at det vert enklare for folk flest å orientere seg om det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjarte Hauge

EI KVAKKSALVE: Homeopat Bjarte Hauge forstår at folk er skeptiske, men skuldar på mange useriøse aktørar. No etterlyser han strengare kontroll frå staten si side.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Den eine seier dette er humbug, og andre seier dette er kjempemessig, og til slutt veit ein ikkje kva ein skal gjere, eller kva ein skal tru på, seier han.

Han er oppgitt over situasjonen.

– Ein har ikkje moglegheita til å ta frå nokon ei godjenning som ikkje er der, så du får ikkje stoppa dei.

Møtt med skepsis

Han forstår at mange er skeptiske, men meiner likevel det er drøyt å påstå at det ikkje fungerer i det heile.

– Som med alle andre metodar er det slik at nokon blir friske, nokon blir betre, og andre fungerer det ikkje for, seier han.

Han peikar på debatten og tvilen som råda rundt kiropraktorar og akupunktur då det først kom.

– Det har jo vist seg etterkvart å fungere, seier han.