Hopp til innhold

Skaut mot hyttevegg - slepp å sone

Ein mann tidleg i 20-åra slepp å sone i fengsel, trass i at han no er dømd for å skote ei rekkje skot i veggen på ei campinghytte i Sogn.

Sogn tingrett

MØTTE I RETTEN: Mannen i tjueåra innrømte i retten at han hadde brukt hasj over eit lengre tidsrom.

Foto: Arve Uglum

I tilståingsdomen frå Sogn tingrett heiter det at den unge mannen frå oktober 2012 til mars 2013 brukte luftgevær og skaut rundt 20 til 30 kuler i veggen på ei campinghytte i den vesle bygda han budde.

Dette og fleire andre kriminelle forhold er mannen no dømd til 30 dagar fengsel på vilkår for. Det vil i praksis seie at han slepp å sone, så lenge han held seg på matta dei neste to åra.

Det mest alvorlege punktet i tiltalen var likevel kjøp av hasj. Han blei dømd for å kjøpt til saman 50 gram, men innrømte i retten at det han hadde kjøpt meir enn det politiet hadde klart å finne ut av.

Han blei og dømd for å ha stole ein iPad då han sjølv var passasjer på ein buss mellom Sogn og Sunnfjord i mars i fjor. For dette må han betale tilbake vel 5000 kroner til eigaren av iPaden.

Det at mannen la alle korta på bordet før rettssaka gjorde at mannen slapp å sone i fengsel.