Hopp til innhold

Skaut jerv i Luster i helga

Statens naturoppsyn har i løpet av tre dagar skote to jervar. Den eine var i Luster, den andre i Eidfjord.

Jerv skoten i Ullensvang

SKOTEN: Denne jerven vart skoten måndag i Veigdalen i Ullensvang kommune i Hardanger.

Foto: SNO

– Det vart skote ein jerv i Mørkridsdalen i Luster i helga, og ein i Veigdalen i Ullensvang kommune i går, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Dei to jervane vart skotne som del av eit planlagt ekstraordinært uttak av jerv, bestemt av Miljødirektoratet.

Golf opplyser at begge jervane som vart skotne, var hanndyr.

– Den vi tok ut i Eidfjord kommune på Hardangervidda hadde store skadar i nakken og hovudet etter biten. Vi trur det er i kamp med ein annan jerv, då vi såg spor etter to jervar der, seier Golf.

Denne jerven vart spora og jakta på i Vinje søndag, men stakk mot Eidfjord og vart skoten der.

Ventar på betre forhold i fjellet

Statens naturoppsyn har no avslutta sin aksjon, og det vil ikkje bli jakta jerv med det første.

– Vi ventar på at det skal bli betre forhold i fjellet. Akkurat no er det hardt i fjellet, og vanskeleg å spore, seier Golf.

Det er Miljødirektoratet som til ei kvar tid bestemmer om, og kor mange løyve på uttak som vert gjevne.

Jerv skoten i Lærdal i februar

FEBRUAR: Denne jerven vart skoten i Lærdal i februar.

Foto: SNO Aurland, rovviltseksjonen

– Men utfordringa no er at viss vi får snø i fjellet, og det vert finvêr, noko vi er heilt avhengige av, så er sola så kraftig at ho smeltar snøen. Når det så frys på natta, er det ikkje mogleg å finne noko spor, seier Golf.

Til no i 2016 er det skote ein jerv på ordinær lisensjakt i region 1. I same tidsrom er det skote tre jervar på ekstraordinært uttak, ein i Lærdal i februar, pluss dei to ovannemnde.