Hopp til innhold

Skaut hol på kvalen med mitraljøse

Kystvakta har i ettermiddag skote hol på den daude kvalen. – Han forsvann nedover, så no trur eg ikkje me ser meir til han, seier Leif-Owe Birkeland i Kystvakta.

Kystvakta senkar død kval

HER BLIR KVALEN SKOTEN: Sjå video av skotsalvane mot den døde kvalen utanfor Hordaland i ettermiddag. Kvart tredje skot har såkalla sporlys, som gjer at det kan sjå ut som gnistar (Foto: Kystvakta).

Den døde oppblåste kvalen blei funnen i fjøresteinane på Sandøy i Fjell fredag kveld.

Like etter klokka halv fire i dag opplyser Kystvakta at dei har skote hol på kvalen.

Kval

FULL AV GASS: Kvalen var svært oppblåst då den blei oppdaga på Sandøy. Her sleper Kystvakta han ut i havet.

Foto: Kystvakta

– Dei brukte ei mitraljøse, eit større maskingevær på 12,7 mm som er fastmontert på skipet, for å punktere kvalen. Då dei skaut på den, forsvann han nedover i vatnet. Så no trur eg ikkje me ser meir til han, seier Leif-Owe Birkeland i Kystvakta.

Har jobba med kvalen sidan fredag

Fiskeridirektoratet bestemte at kvalen skulle slepast ut på ope hav, og redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen starta arbeidet laurdag føremiddag. I går kveld overtok Kystvakta den oppblåste kvalen for å få slept han frå hovudskipsleia og ut havet.

– Dei har han framleis under slep, men han er ikkje så oppblåst lenger. Det har komme mykje fuglar på kvalen som hakkar og et på han. I tillegg er kvalen i bevegelse og då kan det vere det som gjer at noko av gassen siv ut, sa Leif-Owe Birkeland i Kystvakta til NRK tidlegare i dag.

Kval

SENKA KVALEN: Her søkk kvalen nedover i havet.

Foto: Kystvakten

– Tilbake i sitt rette element

Like etter klokka 14.30 i dag kunne Kystvakta sjå kvalen synke nedover i havet.

– Kvalen gjekk tilbake til sitt rette element, skriv skipssjef på KV Bergen, Lars Lilleng i ein e-post.

For Kystvakten er ikkje det å slepe døde kval utover noko uvanleg.

– Sist me gjorde dette var for ein månad sidan i Nord-Noreg. Om me senkar dei eller let dei drive utover, kjem an på størrelse og kor oppblåst kvalen er, seier Birkeland.

Knølkval eller finnkval

Stranda kval

KNØLKVAL ELLER FINNKVAL? Kvalen er mellom ti og 15 meter lang. Mest sannsynleg er det ein finnkval, men det kan og vere til dømes ein knølkval, seier kvalekspert Lars Walløe ved UiO.

Foto: Øyvind H. Turøy / NTB scanpix

Kvalekspert og fysiologiprofessor Lars Walløe frå Universitetet i Oslo har sett bilete av kvalen, og seier det kan vere ein finnkval eller ein knølkval.

– Det er mest sannsynleg ein finnkval, men då eg ikkje kan sjå sveivene på den, så er det vanskeleg å slå fast om det kan vera til dømes ein knølkval. Halen ser ut som ein finnkval, og både knøl- og finnkval er vanlege i våre farvatn, seier han.

– For ein finnkval vil kvalen vera ung, ut frå storleiken, men dersom det er ein knølkval så vil ein vaksen kval vera på den storleiken, legg han til.

Sjå den utrulege videoen: Slik gjekk det då ein kval på Færøyane eksploderte