Geit vart god påskemat. Arkivfoto NRK
Operasjonsleiar i Sogn og Fjordane Politidistrikt, Leif Bell, fortel at det var på eit nachspiel tidleg på morgonen første påskedag at ein lystig gjeng i Førde fann ut at dei ville ha frukost.
- Var utruleg svoltne
Som ein av festdeltakarane seier det: - Vi var rett og slett utruleg svoltne. Dermed fanga dei ei geit som dei ville ha på grillen. Geita vart avliva, og gjengen var godt i gang med parteringa då politiet dukka opp.
Ikkje noko ulovleg
Den svoltne gjengen har ikkje gjort noko ulovleg, i og med at han som skaut geita var edru. Ingen av dei som var med på festen vil la seg intervjue på radio. Men dei fortel at geitekjøtet vart ein fin påskefrukost etter at politiet hadde forlete festen.