Hopp til innhold

Skaut feil hjort

Monrad Elde er heilt sikker på at søket etter ein skadd hjort enda med at feil dyr vart skote.

Påkøyrd hjort. Illustrasjon.

Arkivbildet av påkøyrd hjort.

Foto: Andreas Solvik

Ei drektig kolle og ein uskuldig kalv måtte bøte med livet, i tillegg til hjorten som var påkøyrd og død, skriv Fjordenes Tidende.

- Eg er ikkje i tvil om at her måtte eit anna dyr enn det som vart treft av bilen bøte med livet. Dette er ikkje på nokon måte kritikk mot den som utførte oppdraget, men eg kan ikkje forstå at dei ikkje vil innrømme feilen, seier Elde til avisa.