Ei vestlandsbygd med 600 innbyggjarar har ei godt skjult perle for skatarar.
I konkurranse med gigantiske skateparkar i Europa er ein liten betongpark i Etne i Sunnhordland blitt kåra til ein av dei ti beste for skateboard.
Det skjer i det engelske skateboardmagasinet Kingpin Magazine.
– Den mest imponerande av dei ti parkane i kåringa er kanskje Streetdome i Danmark, som har kosta rundt 50 millionar kroner. Då er det ganske moro at parken i Skånevik, som har kosta ein hundredel av det, utmerker seg, seier prosjektleiar Kasper Helle i Betongpark AS.
– Du kan ha tonnevis med moro i Skånevik
Det er roa, stillheita og sjarmen til parken som får Kingpin magazine til å juble.
«Skånevik skatepark har kanskje ikkje dei mest fancy utfordringane [ ...], men for ein stad dette er! Enkel som den er, ser det likevel ut som ein kan ha tonnevis med moro her i Skånevik. Ingen distraksjonar, berre deg og kompisane. Og den deilege lyden av stille», er dommen i det anerkjende magasinet i si kåring.
Kingpin Magazine er raus i sin omtale av skateparken i Skånevik.
Foto: SkjermdumpBerlin, Paris og Skånevik
Skateboardmagasinet nemner i same kåring skateparkar i Køln, Helsinki, Paris og på nedlagde Tempelhof flyplass i Berlin.
Vesle Skånevik med kring 600 innbyggjarar er altså i særdeles godt selskap.
På Facebook har magasinet nærare 350.000 følgjarar på sidene sine.
Det det norske selskapet Betongpark som laga parken i fjor, etter initiativ frå kulturansvarleg Nils Halleland i Etne kommune.
Gull av ein stor gråstein
Iherdig dugnadsinnsats frå lokale entusiastar, samt internasjonalt profesjonell skatarar og skateparkbyggarar har sikra det som vert rekna som ei perle i det internasjonale miljøet.
Helle legg ikkje skjul på at han er overraska over at parken i Skånevik har hamna på lista til engelskmennene.
– Parken er bygd rundt ein svær gråstein, som er kappa til og gjort til ein skatebar. Det er kreativt og spesielt, og har fått mykje merksemd i ulike skatemedia. Det er veldig hyggeleg og morosamt, seier Helle.
Kort sagt har den vesle bygda i Etne ein park utan mykje fiksfakseri, men med ein svær gråstein midt i. Det fall altså i smak hjå juryen i det anerkjende magasinet.
Borna i Skånevik nyttar parken godt.
Foto: Tale Hauso / NRK