Hopp til innhold

Skarpe reaksjonar på «verdsarv-skroting»: – Fullstendig galimatias

Debatten i Sogn om å skrote verdsarven vekker kraftige reaksjonar. Men også andre kommunar diskuterer om det er betre å vere statusen forutan.

Cruiseskipet Oriana på veg inn Aurlandsfjorden

AURLAND: Fleire kommunar ville «gitt høgrearmen» for ein verdsarvstatus. Andre diskuterer korleis dei kan kvitte seg med han.

Foto: JAN CHRISTIAN JERVING

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Å kvitte seg med Unesco-statusen vil vere fullstendig galimatias, seier Anders Nyland, som er reiselivsdirektør i Visit Bergen.

NRK fortalde i førre veke om det politiske spelet rundt verdsarvstatusen til Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Bakgrunnen for konflikten er Nullutsleppsforskriften som seier at cruiseskip og ferjer skal segle utsleppsfritt i norske verdsarvfjordar innan 2026.

I eit forslag til «overgangsordning» har Aurland kommune foreslått ein «mjukare» innfasing av reglane for å få betre tid til å områ seg.

Så langt har Miljødepartementet ikkje respondert på forslaget, og det er her verdsarvstatusen gjer sin entre: Som eit forhandlingskort i kampen mellom sentralmakt og lokalt sjølvstyre.

Vi er utolmodige, og med god grunn. Det er derfor vi reiser debatten om verdsarvstatusen, seier Noralv Distad (H), som var ordførar i Aurland fram til 2019.

Han legg til at det er klimaministeren som sit med nøkkelen til å løyse «krisa».

Det er opp til han å godta ei løysing som sikrar både verdsarv og trafikk.

Bilete teke i forbindelse med diskusjon om utbygging av Flåmselvi

Noralv Distad (H) og Olve Grotle (H) seier det er gode grunnar til at debatten om verdsarvstatusen vert reist.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Regjeringa må vere meir på ballen

Stortingsrepresentant for Høgre, Olve Grotle, har forståing for frustrasjonen i Aurland.

Dei har kome med gode innspel til korleis dei kan redusere utsleppa og samstundes ha cruisetrafikk. No må regjeringa vere meir på ballen. Får vi dette på plass, vil spørsmålet om Unesco-statusen gå bort av seg sjølv, seier han.

Lengre nord har debatten om verdsarvstatusen i Aurland fått ein parallell i Vega kommune.

Der seier ordførar Andre Møller (Ap) at han aldri ville ha gått inn for verdsarvstatus dersom han hadde visst det han veit i dag.

– Vi kjenner oss lurt. Viss det er meininga at verdsarvområdet skal vere naturreservat, så burde vi fått vite det på førehand, seier han til Dagsavisen.

Vegaøyene vart skrive inn på Unesco-lista i 2004.

Russere utvist fra Norge. Kvinner er kravstore på dating. Barnefotballen topper laget for tidlig.

Det politiske spelet rundt verdsarvstatusen til Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden vart diskutert i Dagsnytt Atten 14. april.

For tett samanblanding mellom politikk og cruiseinteressene

Det finst gode balansepunkt der vi greier å verne om dei universelle verdiane som er grunnlaget for verdsarvstatusen, og samtidig sikrar ei god utvikling av dei aktuelle lokalsamfunna, seier Eva Hove, som er leiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Ho legg til:

På generelt grunnlag vil eg seie at det heller enn å foreslå å skrote verdsarvstatusen, er meir konstruktivt å bidra til å finne løysingar.

NRK har vore i kontakt med fleire reiseekspertar som minner om at det finst kommunar «som ville gitt høgrearmen» for ein UNESCO-status, og at vil vere «pinleg for heile nasjonen» om dei to fjordane vert strokne frå lista.

– Å miste verdsarvstatusen vil vere ein katastrofe for omdømmet, seier toppkandidat for MDG i Vestland, Nils-Anders Nøttseter (fleire reaksjonar under).

Refrenget er at verdien av statusen «neppe kan overvurderast», at «bygda må tenkje seg godt om», og at spelet om verdsarvstatusen er å rette bakar for smed.

Hilde Charlotte Solheim er tidlegare reiselivsdirektør i NHO Reiseliv.

Ein del stader er det for tett samanblanding mellom politikk og cruiseinteressene i form av hamnene som kommersielle aktørar, seier ho.

Ho trur verdsarvstatusen «kanskje er litt undervurdert i Noreg» og åtvarar mot å leggje for stor vekt på talet på cruiseanløp og passasjerar.

Om dei som tel slik får dominere avgjerdsprosessar for sterkt, er eg redd våre mest populære destinasjonar går glipp av spennande utviklingsmoglegheiter.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap)

I mars drog ordførar Trygve Skjerdal (Sp) i eigen person til departementet for å overlevere den «mindre rigide» Miljøpakken til klimaminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Verdsarvstatusen er eigentleg ikkje i spel

Under Utviklingskonferansen i fjor diskuterte deltakarane om det få ein verdsarvstatus rundt halsen mest var «ei forsaking eller eit fortrinn».

Avstemminga viste følgjande tal:

  • 93,2 prosent (41 av 44) meinte at verdsarvstatusen er eit konkurransefortrinn for reiselivs- og lokalsamfunnsutviklinga
  • 69,7 prosent meinte ar verdsarvstatusen er viktig for omdømmet til kommunen og regionen
  • 69,7 prosent meiner at kommunane og næringa ikkje har klart å utnytte heile potensialet som ligg i verdsarvstatusen enno
  • 88,6 prosent meinte at ein bør tenkje nytt med innovasjon og vidareutvikling rundt verdsarven i reiselivs- og lokalsamfunnsutviklinga.

Tidlegare reiselivsdirektør i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, leidde konferansen.

Tala viser at verdsarvstatusen står støtt, seier han.

Han legg til at han forstår frustrasjonen blant lokale politikarar som kjenner seg umyndiggjort av sentrale myndigheiter.

Det er derfor du får desse utspela om verdsarvstatusen. Men eg trur ikkje det er nokon som meiner det på ordentleg.

I Vestlandsrevyen 13. april åtvara Kristian B. Jørgensen, sjef i Fjord Tours mot å «fjerne heile grunnlaget» for at Aurland har vorte den turistdestinasjonen han har vorte.

Verdsarvsstatusen er ei fjør i hatten

Berre tre gonger tidlegare har nokon blitt strokne frå verdsarvlista, sist gong i 2021 då Verdsarvkomiteen slo ned på høghus-fortettinga i Liverpool.

Verdsarvsstatusen er ei fjør i hatten og bør brukast til å utvikle destinasjonen, seier Truls Eric Johan Engström, som er fyrsteamanuensis ved Norsk hotellhøgskule.

Dei siste to åra har han sitte i Reisemålsutvalet, som i mars leverte utgreiinga si til Næringsministeren.

Les også Strid i cruisebygda om dei skal ut av verdsarvlista

Nærøyfjorden

Blant tilrådingane er at det blir innført eit nasjonalt «besøksbidrag» for å finansiere ein meir berekraftig turisme og meir «attraktive lokalsamfunn».

Vidare tilrår ekspertutvalet at nullutsleppskrava til verdsarvsfjordane blir etterfølgt «så snart som mogleg».

Helsinga mi til bygda er at dei skal vere stolte av statusen og gjere alt dei kan for å halde han ved like, seier Engström.

I 2005 vart Nærøyfjorden innlemma på Unescos verdsarvliste

I 2005 vart Nærøyfjorden innlemma på verdsarvlista, med Dronning Sonja som Høg beskyttar. Her saman med tidlegare Aurland-ordførar Olav Ellingsen (Sp). 18 år seinare seier Ellingsen, som i dag er styreleiar i Aurland hamnestell, at kommunen kan hende hadde vore betre tent om dei ikkje vart sett på verdskartet.

Foto: Arne Veum