Trur fleire utbyggjingar vil fjerna villaksen frå iskald elv

Leiar i Sogn villaksråd, Bjørn Vike, er sterkt uroa for laksestammen i Jostedøla, dersom NVE godkjenner dei planlagte utbyggjingane av ni sideelvar.

Jostedøla ved Fossøy

SÅRBAR ELV: Jostedøla får tilførsel av vatn frå ei rekkje sideelvar og frå sjølve Jostedalsbreen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Då Jostedøla vart bygt ut gjennom ein av landets største kraftutbyggjingar frå 1984 til 1990, synte det seg at temperaturen i elva sank med ein grad.

For den sårbare fiskestammen i fylkets lengste vassdrag, førte det til at laksen og sjøauren såvidt overlever, hevdar villaksrådet.

No er fleire småkraftanlegg under planlegging i Jostedalen, og i alt ni sideelvar kan bli godkjend for utbygging av NVE. Dette får Vike i villaksrådet til å steile. Han fryktar at dette vil vere slutten, ikkje minst for laksestammen i Jostedøla. Det er nemleg venta at dei nye utbyggjinga vil føre til ytterlegare ein halv grad kaldare vatn i snitt om sommaren.

Slutt for laksen?

– Det er ein situasjon som gjer at det då vil verte definitivt slutt for laksen i Jostedøla. Sjøauren vert påstått å klare seg på fire grader, men det er ein hårfin balanse. Vi meiner jo i likheit med jakt- og fiskelaget og mange andre i Jostedalen, at dette er noko som ikkje må gjennomførast, seier Vike til NRK.

Han og resten av villaksrådet vil no ha politikarane på banen. Dei meiner at dei folkevalde ikkje klarer å sjå eigenverdien i å ta vare på dei små vassdraga, som ofte dannar ramma for sterke naturopplevingar.

Bjørn Vike

REAGERER: Bjørn Vike, leiar i Sogn villaksråd, meiner at ei utbyggjing av sideelvar i Jostedalen vil føra til at laksen forsvinn for godt.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Vil ha fleire på bana

– Når turistane kjem hit og dreg opp i Jostedalen, så ser dei alle dei flotte elvane som kjem ned frå Vigdalen, frå Krundalen og andre stader. Det er eit skue som folk reiser frå den andre sida av kloden for å få lov til å oppleve, seier Vike.

– Vi er nøydde no til å tenkje på dei som kjem etter oss. Dei og må få vere med og ha glede av det som er naturen vår, og det er villaks og sjøaure i vassdraga våre, hevdar leiaren.

Viktig historie

Han vonar no at fleire vil kome på bana og kjempe saman mot det villaksrådet er øydeleggjing av eit natur- og kulturhistorisk viktig miljø.

– Eg saknar veldig eit engasjement frå kommunane våre, der ein faktisk reiser seg og kjempar for vassdraga våre som har vore ein veldig viktig del av historia til bygdene våre, og samstundes ei viktig lokal inntektskjelde gjennom mange generasjonar.

Varaordførar i Luster, Anders Bolstad (Ap), seier at dei vil diskutere denne saka grundig før kommunestyret i Luster gjev si innstilling i saka 22. september.

– Både fisk, landskap og sjølvsagt og dei verdiane kraftverka vil skapa, er alle argument som vil telja med i vår avgjersle, seier Bolstad.