Hopp til innhold

Skannar mellomalderkyrkje – vil la tiåringar oppleve gudstenester frå 1200-talet

Moster gamle kyrkje skal kartleggast ned til millimeteren ved hjelp av ein 3D-skannar og georadar. Det kan gi svar på fleire mytar.

– Min draum er at fjerdeklassingane på Moster skule skal kunne ta på seg VR-briller og få oppleva ei gudsteneste frå 1200-talet, seier arkitekt Bjørg Agasøster ved Norsk institutt for kulturminneforsking (Niku).

Moster gamle kyrkje på Bømlo er ei av dei eldste i landet. Ho ligg på staden der Olav Tryggvason skal ha starta kristninga av Noreg.

Inni den vesle kvite steinkyrkja frå 1100-talet er interiøret og kalkmåleria på veggane fleire hundre år gamle. Det er som å gå inn i ein tidskapsel.

Moster gamle kyrkje

KONGE: Olav den heilage heldt eit ting på Moster rundt 1024, der den eldste kristenretten i Noreg blei innført.

Foto: Eli Bjelland / NRK

3D-modell av kyrkja

I eit nytt pilotprosjekt blir kvar flik av den gamle kyrkja no skanna, både inni og utanfor.

– Målet er at me skal samla inn all informasjon me klarer å finna om denne bygningen.

Det skal lagast ein omfattande database og ein 3D-modell av kyrkja. Dermed blir det lettare å både rehabilitera kyrkja og gjera ho tilgjengeleg digitalt for publikum.

Moster amfi- og kyrkjehistorisk senter har omvisingar for publikum i kyrkja. Dagleg leiar Nina Meldahl Olsen er spent på kva Niku finn.

– Ifølgje Snorre gav Olav Tryggvason allereie i år 995 ordre om at det skulle byggast ei kyrkje her på Moster. Det blir sagt at det kan ha vore ei trekyrkje her før steinkyrkja blei reist. Tenk om me no får svar på om det stemmer.

Senteret har driftsansvar for kyrkja, men ho er eigd av Fortidsminneforeininga.

Mange mytar

Bjørg Agasøster i Niku er frå Bømlo, og har vore fascinert av gamlekyrkja sidan ho var lita. No håpar også ho å få svar på fleire av forteljingane ho vaks opp med.

– Blant anna er det ein stokk som ligg langs golvet på eine sida. Eg har høyrt at den kan vera frå ei anna kyrkje, og det er fleire andre teoriar. No kan me kanskje få svar på dette.

Det finst 159 steinkyrkjer frå mellomalderen i Noreg. Behovet for vedlikehald er stort. I fjor vedtok Stortinget at alle kyrkjene skal vera sette i stand før 2030.

Pilotprosjektet på Bømlo har difor fått støtte frå fleire hald, blant anna Noregs forskingsråd Niku håpar å kunna undersøkja fleire kyrkjer like grundig på sikt.

– Kyrkja på Moster er perfekt til å testa ut denne metoden. Ho er lita, men kompleks. Det er mykje historie her, og mykje informasjon som er samla frå før, seier Bjørg Agasøster.

3D-scanning i Moster gamle kyrkje.

SKANNAR: Bjørg Agasøster arbeidar med det omfattande skanningsarbeidet.

Foto: Eli Bjelland

Vil rehabilitera kyrkja innan 2024

I 2024 skal det vera stort riksjubileum på Moster. Då er det 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten her. Kort fortalt var det starten på rettsstaten og demokratiet Noreg.

Målet er at kyrkja skal rehabiliterast innan jubileet.

– Eg er veldig spent på kva tilstand kyrkja er i, og om det gøymer seg meir her som me ikkje er klar over, seier Nina Meldahl Olsen.

Først i september kan Niku seia meir om kva dei har funne i og utanfor kyrkja.