Hopp til innhold

Skandalesklie er framleis ein våt draum: – Byråkrati på sitt verste

ØVRE ÅRDAL (NRK): Skuldar «paragrafryttarar» for å ha øydelagt sommaren til Tuva (7) og andre badeglade årdølar.

GOD BESØKT: Til no har 2200 vore innom friluftsbadet i Øvre Årdal denne sesongen, men det er god plass til fleire, seier oppsynsmann Frank Runar Øren.

ENNO IKKJE OPNA: Badeglade årdølar må framleis sjå langt etter å testa ut vassklia til 2 millionar kroner.

Foto: Morten Sortland / Sogn Avis

– Byråkrati på sitt verste, skriv Frp-politikar Terje Søviknes på Facebook.

Gjennom heile sommaren har ho berre stått der. Skinande blank og klar for å gi eit sug i magen til små og store årdølar.

Ein varm sommardag blant høge fjell trekkjer innbyggjarane i hopetal til utandørsbassenga i industrikommunen.

I over 20 år har vassklia i Øvre Årdal bydd på krydder i kvardagen, vind i håret og ein klissblaut avslutning. Det skulle halde fram når den nye sklia i stål til 2 millionar kroner kom på plass i år, men slik ville ikkje Jernbanetilsynet det.

Ap-politikar Sverre Myrli, som sit i transportkomiteen på Stortinget, meiner byråkratar nær har øydelagt sommaren til årdølane.

– Eg blei lei meg for at byråkratisk sommel og paragrafryttarar skal kunne øydelegge ein sommar for folk i Årdal, seier han.

For Årdal kommune manglar beredskapsplan for evakuering ved ein brann, og brukarmanualen var på engelsk. Legg til ferieavvikling i tilsynet, så er sommaren straks over og sklia framleis ikkje i bruk. Jernbanetilsynet seier nei til denne sklia

– Ikkje «paragrafrytteri»

Ellen Kjeld Johnsen er seniorrådgjevar for avdeling for regelverk i Statens jernbanetilsyn (SJT). Ho er ikkje samd i at dette er «paragrafrytteri».

– Regelverket vi rettar oss til skal ta i vare tryggleiken for brukarane, seier ho.

Dokumentasjonskrava er der for å vise at sklia er trygg og at søkaren, i dette tilfellet kommunen, forstår kva som skal til for å driva den sikkert.

– Det handla aldri berre om «formalitetar» for å få eit løyve på plass. Det står att sentral dokumentasjon før kommunen kan få løyve til å driva vassklia.

Vidare seier ho at kommunen ikkje har levert den naudsynte dokumentasjonen SJT treng for å kunne gi driftsløyve til kommunen.

Tilsynet har tilbydd kommunen rettleiing for å komme i land med dokumentasjonskravet. Det har kommunen ikkje takka ja til, ifølgje Kjeld Johansen.

– Så det er vanskeleg for oss å seie noko om når kommunen kan setje vassklia i drift.

Tuva får ikkje skli

På ein fin og solfylt tysdag i Øvre Årdal har Tuva Marie Ryen på snart sju år tatt turen til utandørsbassenget saman med familien. Frå bassengkanten seier ho det er kjedeleg at ho ikkje får bruke sklia.

– Eg har tatt sklia med pappa ein sommar, skyt veslebror inn.

Sommaren i år er annleis. Den nye vassklia står klar, men ingen får bruke ho.

– Han har veldig lyst til å skli, men det går jo ikkje. Det store høgdepunktet er sklia, seier Stine Ryen, som er mor til dei to.

Stine Ryen frå Årdal

HØGDEPUNKT: Stine Ryen har to småbarn som saknar å kunne skli i vassklia i bassenget.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Medan byråkratiet tar tid, plaskar familien vidare i bassenget. Ryen kan ikkje forstå at ein beredskapsplan for brann må vere på plass, før eit godkjentstempel frå Jernbanetilsynet blir gitt.

– Det er litt håplaust når det er eit utebasseng og skliene er i metall. Det er vatn det er snakk om. Det er veldig komisk, seier ho.

Departement på bana

– Det er flaut at Jernbanetilsynet skal halde på i veker og månadar på å skaffe informasjon. Det hadde truleg løyst seg med ein telefon, meiner Ap-politikar Sverre Myrli.

Kva har Jernbanetilsynet med godkjenning av ei sklie?

Jo, det er Statens jernbanetilsyn som er ansvarlege for å godkjenne alt frå karusellar og vassklier før bruk. Det er på grunn av «tivolilova» som Stortinget vedtok.

Samferdsledepartementet har ansvaret for Jernbanetilsynet, og har vore i kontakt med dei om sklia. No er håpet at ting sklir litt raskare enn kva det har gjort til no i sommar.

– Vi er glade for at Årdal kommune får rettleiing og råd frå tilsynet, slik at kommunen raskt kan levere det som må til for å få godkjenning. Og at tilsynet like raskt kan handsame informasjonen dei har spurt etter, seier statssekretær John-Ragnar Aarset i samferdsledepartementet.

John-Ragner Aarset

FÅR RETTLEIING: John Ragnar Aarset seier han er glad kommunen får rettleiing til dokumentkravet av SJT.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK