Hopp til innhold

Skal vurdere tryggleiken på bussane etter fleire alvorlege ulykker

Fagforeininga til bussjåførane fryktar billegare bussar blir prioritert framfor sikre bussar. No skal Vegvesenet vurdere strengare nasjonale krav.

Buss og personbil har kollidert

STORE SKADAR: Både buss og personbil fekk store skadar som følge av samanstøyten.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Ein 56 år gammal bussjåfør og ein 19 år gammal førar av ein personbil omkom etter ein kollisjon på Sørås i Bergen tysdag førre veke.

Ulykka har ført til spørsmål kring tryggleiken for bussjåførar.

– Ein bør leggje til grunn det tryggaste materiellet som finst. Kan ein unngå gambling med tryggleiken for å få anboda billegast mogeleg, er det det vi skal gjere, seier Dag-Einar Sivertsen, forbundssekretær i Fellesforbundet.

Vil ha meir påverknad

Fellesforbundet representerer kring 40 prosent av dei organiserte bussjåførane i Noreg. No vil dei ha meir innflytelse på eigen arbeidskvardag.

Sivertsen meiner at bussjåførane har blitt for seint involvert i prosessen når kollektivselskap sett nye kontraktar ut på anbod.

– Tillitsvalde og våre medlemmar må få lov til å kome mykje tidlegare inn i anbodsprosessen. Det kan ikkje vere slik at dei kjem inn etter at anbodet er tildelt. Hadde våre tillitsvalde og verneombod fått vere med tidlegare, hadde fokuset på kollisjonstryggleik vore heilt anna, meiner han.

Tide i sorg etter trafikkulukke der bussjåfør mista livet.

HALV STONG: Tide var i sorg etter trafikkulykka der ein av deira bussjåførar mista livet.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Fylket kallar inn til møte

Fylkesrådmann Rune Haugsdal i Vestland fylkeskommune svarar at dei no har kalla inn partane til eit møte neste veke for å finne ut korleis dei kan organisere dialogen i framtida.

– Vegen vidare er å diskutere på kva måte man kan ha dialog knytt til dei kontraktane vi har og korleis vi kan vareta det på best mogleg måte, seier han.

Han seier at det første dei vil gjere er å vente på gjennomgangen om den konkrete ulukka i Bergen, og vurdere naudsynte tiltak ut ifrå den.

– Dette har vore ei tragisk ulykke. Vi er alle opptekne av tryggleik, både for reisande og bussjåførar. Vi har stilt krav ut ifrå dei krava og forskriftene som ligg der, og vi er interessert i og vil ha eit fokus på tryggleik. Då får vi sørgje for å vareta det på ein god måte framover, seier han.

Undersøkelser etter busskollisjon

GRANSKAR ULYKKA: Både politiet, Statens vegvesen og Havarikommisjonen granskar ulykka i Steinsvikveien på Sørås i Bergen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Hareide vedgår regionale forskjellar

Samferdselsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at alle bussar i Noreg skal oppfylle europeiske reglar, og Noreg er forplikta til å akseptere bussar som oppfyller desse krava.

Samstundes er det europeiske tryggleikskravet for bussar eit minimumskrav når ein bestemmer kva for bussar som skal brukast ved kjøp av transporttenester.

Det er fylkeskommunane som eventuelt må stille strengare krav i anbod når dei inngår nye kontraktar. Slik kan fylka krevje sikrare bussar.

– Enkelte fylke vier no dette temaet større merksemd, mens det samtidig er potensial for langt større medvit i mange fylke, skriv samferdsleminister Knut Arild Hareide i e-posten.

– Det er beklageleg at krava til kollisjonstryggleik i buss ikkje er styrkt når vi samtidig har sett ei stadig utvikling i dette for andre køyretøy, skriv han.

BA har og skrive om saka.

Vegvesenet skal vurdere strengare krav

Vidare seier Hareide at Vegvesenet utan hell har prøvd å ta initiativ til at dei internasjonale reglane skulle bli strengare.

No vil Vegvesenet vurdere strengare nasjonale krav til vern av førar i løpet av året.

– Dette følgjer også opp havarikommisjonens tilråding etter ei tidlegare tragisk bussulykke, skriv Hareide.

Bussulykke på Ullensaker

2017: For tre år sidan mista ein sjåfør livet, og ein annan blei kritisk skada etter ei kollisjon mellom to bussar.

Foto: Vegar Erstad

Alvorleg bussulykke i 2017

I ein rapport frå Havarikommisjonen i 2019 om ein dødsulykke som involverte to bussar i Ullensaker i 2017, kom det fram at skadeomfanget blei påverka av dårleg tryggleik for sjåførane.

Eit av råda frå Havarikommisjonen sin rapport gjekk til Vegvesenet, som blei bedt om å vurdere bruk av nasjonale forskrifter for å heve kollisjonstryggleiken i buss.

Ei anna tilråding er at Akershus fylkeskommune og Ruter burde sette krav til kollisjonstryggleik for førarar som eit kriterium i anbod på nye kollektivtransportruter.

Bussjåførane har no ei stemme i anboda, seier Øystein Dahl Johansen, pressevakt i Ruter.

– Ruter jobbar med bussbransjen samla for å vareta bussjåførane sin tryggleik. Tillitsvalde er sjølvsagt ei stemme i den saka, seier Johansen.

– Er det alvorlege ulykker som må til for å sjå nærare på tryggleiken?

– Det treng det ikkje vere, men det er ofte ein pådrivar.