Skal vurdere tiltak mot unge

Byrådet i Bergen er uroa over at smittetala i byen har stabilisert seg på eit jamnt, høgt nivå. Dei innfører ikkje lokale tiltak no, men har fått råd frå FHI om å vurdere målretta tiltak inn mot gruppene der smitten er størst. Det kan bety smitteverntiltak retta mot barn og unge, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Roger Valhammer
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK