Hopp til innhold

Skal vurdere snøforholda

Statens vegvesen vil ikkje opne fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland enno. Vegen har vore stengd sidan i går føremiddag på grunn av eit snøras ved Øystølen. Ein geolog skal no opp i fjellsidene for å vurdere snøforholda. Raset vil tidlegast bli rydda når denne vurderinga er ferdig.

Snøras ved Øystølen på fylkesveg 50 Hol-Aurland