Hopp til innhold

Skal undersøkja arbeidsulykke

Arbeidstilsynet startar tilsyn med oppdrettsverksemda Lerøy Sjøtroll, etter at ein båt med tre tilsette velta i Øygarden på onsdag. Arbeidstilsynet skal sjå på årsaka til ulykka, melder Bergensavisen. Det var to-tre meter høge bølgjer i området då båten velta. Dei tre låg i sjøen i om lag ein halv time, men kom uskadde frå hendinga.

Båt kantret i Hjeltefjorden
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK