Hopp til innhold

Skal syne norsk skog på tysk og fransk TV

BYGSTAD (NRK): I fleire veker har Merete Larsmon og familien hennar hatt eit tysk TV-team på slep. Det skal resultere i ein dokumentar om norsk skog og skogbruk.

Motorsagkurs blir TV

KURS BLIR TV: Motorsagkurset på Kårstad gard i Bygstad blir ein del av ein tysk TV-dokumentar om norsk skogbruk.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Kan du gjere det der igjen?

Den tyske regissøren Friederike Schlumbom avbryt kursleiaren midt i ein demonstrasjon av tryggleik rundt motorsagbruk. Ho kommanderer lydmannen og fotografen rundt for å få dei rette bileta.

Motorsagkurs tysk TV-team på besøk i Bygstad

TEK TID: Kursleiar Jannicke Modell Røhmen må ta ting på nytt att fleire gonger.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Dei tre kvinnene som skal lære seg å bruke motorsag må smørje seg med tolmod, for ting må seiast både på norsk og engelsk. Norsk fordi dokumentaren skal dubbast til tysk, og engelsk for at TV-folka skal forstå.

Skogguiden

TV-teamet kom til Norge 16. mai for å lage dokumentar om norsk skog og skogbruk for den tysk/franske kanalaen GEO Kultur. Det er ein slags europeisk versjon av National Geographic, fortel dei sjølv.

Motorsagkurs i Bygstad

KURS BERRE FOR KVINNER: Ein av fire som driv med skogbruk er kvinner, og eige kurs for kvinner vert difor organsiert av Kvinner i Skogbruket. F.v: Merete Larsmon, Astrid Kårstad Vaka, Anja Midttun frå Stadtlandet, Tone Føght frå Høla i Buskerud og kursleiar Jannicke Modell Røhmen frå Risdal.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Dei kontakta organisasjonen Kvinner i Skogbruket, der Merete Larsmon frå Kårstad i Bygstad er leiar.

– Eg og familien har blitt litt av den raude tråden, fortel ho.

For Larsmon er ikkje berre organisasjonsleiar. Ho er også tilsett som fylkesskogmeister hos Fylkesmannen, og driv sjølv med skogbruk saman med mannen sin.

I dei to vekene TV-teamet har vore i Norge har dei fått sett mange ulike sider av norsk skogbruk. Dei har filma stormskadd skog med drone i Gaular, sett skogsdrift i storskala i Hyllestad, Hopperstad stavkyrkje i Vik, og studert vikingskipet i Bygstad som no står i opplag. I tillegg har dei vore i Bergen og sett på mellom anna trehusa på Bryggen.

– Eg trur også eg har klart å få dei til å kome igjen og lage ein eigen film om det store vikingskipet som skal lagast i Nordfjord, seier Larsmon.

– Dei vil elske den

Merete Larsmon

ANNLEIS FOR KVINNER: Merete Larsmon seier kvinner ofte har eit anna syn på skogsbruk enn menn, og at det er viktig med ein eigen organisasjon.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

På eit bord på tunet hos familien hennar vert motorsager plukka frå kvarandre. Kvinnene må lære seg alt om saga før dei kan bruke den. At dei no blir ein del av ein TV-dokumentar som skal synast fram i Europa, er litt rart.

– Det er ikkje noko vi har tenkt så nøye over, det kan eg love deg. Så det får bli som det blir, ler Astrid Kårstad Vaka, som bur på nabogarden.

Friederike Schlumbom og TV-teamet hennar frå Berlin

FRÅ BERLIN: Regissør Friederike Schlumbom med kameramann og lydmann.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Naturen var det som lokka regissør Friederike Schlumbom tilbake. Dette blir hennar andre dokumentar frå Norge.

– Vi snakkar alltid om fiske- og oljeindustri, men skogsindustrien er også veldig viktig, og blir meir og meir viktig. Det er så mykje du kan lage av tre at eg trur mange vil vere interesserte. Eg trur det tyske og franske publikummet vil elske den, seier ho.

Dokumentaren skal vere klar neste vår.

– Desse programma vert selde til verda, så om norsk TV er interessert, så vil dei kanskje kjøpe den.