No skal heile køyringa til grundig gjennomgang, også rutene der Helse Førde har anbod på køyringa.
Fleire køyrer åleine
Det vert peika på at stadig fleire køyrer bil åleine, medan Sogn og Fjordane Taxi sine køyringar berre har to passasjerar i snitt. Difor har helseføretaket som mål å betre koordineringa av pasientkøyring. For Thorsnes vedgår at det i dag ikkje er godt nok, og han trur det er pengar å spare.