Fredag kom det fram at ventetida for dei som har søkt om erstatning for øydelagd barndom i institusjon, er tre år.
- Uakseptabelt
Men no lover Haktor Helland, som er ekspedisjonssjef, at departementet hans vil gjera noko med dette.
- Først og fremst vil eg seia at dette er heilt uakseptabelt, og det trur eg alle er samde om. Departementet har diskutert dette med direktoratet og blitt samde om at talet på tilsette må auka, seier han.
Doblar ressursane
Han fortel at det frå 1. mars vil vera 9 tilsette som skal jobba med erstatningssaker. Det er meir enn ei fordobling.
- Me håpar at det skal vera tilstrekkeleg, og er det ikkje nok vil me gå inn med fleire ressursar, fortel han.