Hopp til innhold

Skal rett tilbake til eliteserien

Malene Solheim (25) vraka to eliteklubbar. No skal ho hjelpe Sola til opprykk til det gode selskap i handball.

Malene Solheim

TRIVST I NY KLUBB: Malene Solheim angrar ikkje på at ho sa opp kontrakten med eliteklubben Tertnes. No satsar ho på snarleg gjensyn med eliteserien gjennom opprykk med Sola.

Foto: Sander Heggheim/NRK

I vår kom Malene Solheim i klammeri med trenarapparatet i Tertnes, då ho brukte ein klausul i kontrakten og sa opp avtalen med eliteserieklubben eitt år før tida.

På grunn av lite speletid valde målvakta å heller sjå seg om etter andre klubbar.

Trøblete avgang

No er Dale-jenta førstevalet i 1. divisjonsklubben Sola, der målet er å rykkje opp til neste års eliteserie.

- Det var ein litt trøblete avgang frå Tertnes, men det er "no hard feelings" i etterkant, seier Solheim.

- No trivst eg veldig godt i Sola. Eg har det heilt topp, både sosialt og sportsleg. Dette er ein flott gjeng, seier sunnfjordingen.

Ville utvikle seg

Sola står med seks sigrar på seks kampar så langt denne sesongen. Men kampen om opprykk blir etter alt å dømme tøff, og Solheim understrekar at laget må gjere sitt beste i alle kampar for å klare målet.

Ho angrar ikkje på avgjerda om å gå ned ein divisjon - trass i at ho hadde tilbod frå eliteserieklubben Levanger. Ho kunne også ha halde fram i Tertnes, i tillegg til at ho hadde fleire tilbod frå andre klubbar i 1. divisjon.

- Eg følte at det var på tide å byte klubb for å utvikle meg. No får eg mykje meir tillit og speletid, seier 25-åringen.

- Først tenkte eg at 1. divisjon var uaktuelt. Men då eg såg opplegget i Sola, fann eg ut at det faktisk kunne vere ein fordel å kanskje få vere med på eit opprykk, seier ho.

Vil ikkje slite benken

Malene Solheim har i ei årrekkje vore sett på som ein svært lovande keeper. Ho starta med handball først som 15-åring, men vart snart plukka opp av Jotun.

Deretter gjekk vegen til Tertnes, der Solheim fekk ein god del speletid dei første åra. Frustrasjonane dukka opp sist sesong, då sunnfjordingen følte ho fekk for lite speletid.

- Ein vil jo spele når ein er handballspelar. Det er ingen vits i å sitje på benken, seier Solheim.