Hopp til innhold

Aukar produksjonen på Gullfaks Sør

Statoil har saman med partnaren Petoro vedteke å vidareutvikle Gullfaks Sør med to nye havbotnsrammer og seks ekstra brønnar.

Soloppgang med Gullfaks C i horisonten

AUKAR: Gullfaks C er ein av plattformane på Gullfaks Sør, og har sidan juni 1994 teke imot og behandla olje frå feltet Tordis.

Foto: Ottar Senneset

Investeringane utgjer kring 8,5 milliardar og vil auke utvinninga med 65 millionar fat oljeekvivalentar, melder Statoil.

Produksjonen på delar av Gullfaks Sør vart stengt i 2008, for å halde oppe eit akseptabelt reservoartrykk for framtidige boreoperasjonar. Oljefeltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, utanfor sørlege delar av Sogn og Fjordane.

Eksisterande brønnar blir opna att i løpet av 2012, i tillegg til at det blir bora nye brønnar frå eksisterande Gullfaks Sør-havbotnsrammer.

– No gjer vi ei vesentleg investering på eit modent felt. Dette er storsatsing innan auka utvinning, og er i tråd med Statoils kontinuerlege fokus på auka utvinning på eksisterande felt på norsk sokkel, seier Jannicke Nilsson, direktør for Drift Nordsjøen Vest.

Ifølgje Statoil er fire oljeprodusentar og to gassinjektorar planlagde for oljeproduksjonsfasen.