Hopp til innhold

Skal bruke forfallen skule på nytt: – Vi har dei same dårlege haldningane som ungane våre

BERGEN (NRK): Ein fjerdedel av all avfall i Noreg kjem frå bygging. No skal Bergen kommune teste om det lar seg gjere å bruke ei forfallen skule på nytt.

Lærerhøyskolen på Landås i Bergen

LÆRARHØGSKULEN: Sidan 1965 har lærarhøgskulen vore eit landemerke på Landås i Bergen. No får bygga, med ein total storleik på 18.300 kvadratmeter, nytt liv.

Foto: Therese Pisani / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sidan 1965 har lærarstudentar fått si opplæring i dei gamle bygga på Landås i Bergen. No skal dei seks bygga, med sine 18.300 kvadratmeter byggast om totalt.

Men denne gongen er det ikkje snakk om eit vanleg renoveringsprosjekt.

– Vi skal ta vare på mest mogleg, anten det er plankar, omnar, dører, lamper eller noko anna, seier Eva Skjold i renovasjonsselskapet BIR.

Verner Panton-taklampe

TAKLAMPE: Ein taklampe frå designaren Verner Panton som kan brukast att.

Foto: Therese Pisani / NRK

25 prosent av all avfall i Noreg

Vanlegvis blir det aller meste kasta når ein skal rive eller totalrenovere.

– Det er ein brøkdel, maks ti prosent, som blir brukt om att. Det gir eit signal om at vi er eit veldig rikt samfunn som ser det, men gjer det likevel, seier Svein Egil Dagsland, dagleg leiar i Norsk Riving.

Ifølgje SSB oppstår det årleg omkring 1,8 millionar tonn avfall frå nybygging, riving og oppussing av gamle bygg. I tillegg til nesten ein million tonn frå anleggsaktivitet.

SSB estimerer at dette til saman er 25 prosent av alt avfall i Noreg.

Dagsland samanliknar måten vi vanlegvis tenkjer om riving om korleis barn vil ha den aller nyaste mobilen og dei aller nyaste kleda.

– De vil gjerne kaste det de har. Vi foreldre seier at det dei har er godt nok, men vi sjølv driv med bruk og kast,», til dømes her i byggebransjen. Vi har dei same dårlege haldningane som ungane våre, seier han.

Ødelagte vasker ved lærerhøyskolen i Bergen

ØYDELAGT: Openbert kan ikkje alt reddast. Samarbeidspartnarane er spent kor mykje dei kan bruke att.

Foto: Therese Pisani / NRK

Skal seljast eller bli gjeve vekk

Rubbel og bit av det som står i den 55 år gamle lærarhøgskulen på Landås skal seljast eller bli gjeve vekk. Mellom anna har eit jaktlag henta eit kjølerom som dei trengde.

Ein takplate blei sett opp for 15 år sidan, men hadde blitt kasta til vanleg, ifølgje Dagsland.

– Dette kan vi henge opp i nye bygg, seier han.

Prosjektet er eit pionérprosjekt som ikkje er prøvd før. Bergen kommune og Bir er spent på resultatet.

– Det er spennande. Blir vi kvitt alt saman, eller står vi igjen med ein plankehaug og tusen mursteinar når det er ferdig, spør Eva Skjold i Bir.

Murstein lærerhøyskolen i Bergen Landås

MURSTEIN: Ein murstein kan pussast og brukast igjen på ein annan plass. No håpar samarbeidspartnarane å få inn ungdom som kan vaske tusenvis av murstein i sommar.

Foto: Therese Pisani / NRK

Blir erstatta med senter for integreringsarbeid

Etter at det blei bygga ein ny høgskule i same bygg, blei den gamle lærarhøgskulen seld frå staten til Bergen kommune i 2015. Først nytta kommunen eigedommen nytta som asylmottak under flyktningkrisa.

No skal det bli eit inkluderingssenter har som mål å undervise og integrere innvandrarar.

Byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, Thor Haakon Bakke, meiner det er eit eineståande prosjekt.

– Akkurat dette prosjektet klarar å kombinere gjenbruk og sosial berekraft, nærmiljøet er med, og fleire avdelingar i kommunen jobbar veldig godt saman, seier han.