Hopp til innhold

Skal padle 2900 km

Fredrik Ness frå Stokmarknes (28) byrja å padle frå Svinesund 6. juni. Han håpar å vere i Grense Jakobselv midt i august.

Fredrik Ness

Fredrik Ness foran båten 'Svanhild'

Foto: Harald J. Stavang

Jonsokaftan kvilte Ness ut i Florø, då nordavinden var på sitt sterkaste. Han overnatta på båten "Svanhild", før han om ettermiddagen padla vidare mot Måløy, skriv Firdaposten.

Motvind

Ness har ikkje vore heilt nøgd med vindforholda så langt i ekspedisjonen.

– Det har nesten ikkje vore anna enn motvind, så no vonar eg det vil snu, seier Ness til Firdaposten.

Blogg

Han lærde seg å padle for sju år sidan, og sidan har han ikkje sett seg tilbake.

Etter å ha jobba 10 år hos Skretting har han no teke seg eit friår for å gjere padledraumen verkeleg.

Ness fører sin eigen blogg på "fredrikpadlernorge.no", med dagleg oppdatering av reiseruta.

Massasje

Han har greidd eit snitt på 50 kilometer dagen, men kunne greidd monaleg meir med betre vêrforhold. Men han passer på å ikkje presse kroppen for mykje.

– Måndagen nytta eg til massasje for stive skuldermusklar, så no skal kroppen henge saman eit stykke til, humrar padlaren.

Mistar tidsomgrepet

For å halde motivasjonen oppe, tenkjer han ikkje på tid og kilometer.

– Under padlinga kjem kroppen inn i ein rytme som gjer at eg kan padle time etter time. Eg har ikkje noko tidsomgrep lenger. Det berre glir og glir og glir i ein strålande natur, seier Ness.