Hopp til innhold

Skal ha blotta seg for jenter på ti år

Ein mann skal ha blotta seg for mindreårige i Ytrebygda i Bergen. Personen skal ha sprunge frå staden, og politiet søkjer etter den mistenkte med hundepatrulje.

Mann blotta seg

SISTE: Politiet har sett inn ein kriminalsøkshund og søkjer etter spor på åstaden.

– Ein patrulje fekk ein direktemelding klokka 08.28, og då er det ein mann som skal ha blotta seg for nokon mindreårige i Søreidgrend i Ytrebygda, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i Hordaland politidistrikt til NRK klokka 09.00.

Sprang frå staden

Gjerningsmannen skal ha sprunge frå staden, og politiet er i kontakt med foreldra til dei fornærma.

– Det er snakk om to fornærma, og dei er to ti år gamle jenter, og dei var på veg til skulen, seier Eidsnes.

– Eg har ikkje snakka direkte med patruljen om korleis jentene reagerte, men eg vil tru dette er ei svært ubehageleg oppleving for dei to jentene, seier Eidsnes.

Skulen dei to jentene går på skal ikkje vera varsla.

Søkjer etter namngitt person

Politiet søkjer også etter gjerningsmannen med hundepatrulje.

– Me er som sagt i kontakt med foreldre til dei fornærma, og politiet ser alvorleg på situasjonen. Me jobbar opp mot opplysningar for å sjå om me får fatt på gjerningspersonen, seier Eidsnes.

– Me har fått eit konkret tips om eit namn som me søkjer opp mot, seier Eidsnes.

Politiet kan ikkje opplyse om den mistenkte er ein kjenning av politiet.

Søkjer etter spor

Politiet har også fått inn ein kriminalsøkshund i etterforsking av saka.

– Ut frå opplysningane jentene har komme med, så vil me undersøkje om det finst spor på staden, seier Kjersti Eidsnes til NRK klokka 11.45.

– Politiet held framleis på med søk etter den mistenkte, seier ho.

NRK oppdaterer saka.