Hopp til innhold

Helsetilsynet startar gransking av venteliste-skandalen i Nordfjord

Sjef for Helsetilsynet i Sogn og Fjordane, fylkeslege Per Stensland, fryktar at det kan liggje særs kritikkverdige tilhøve bak venteliste-skandalen i Nordfjord.

Nordfjord sjukehus og Per Stensland

HELSESJEF: Fylkeslege Per Stensland skal no vurdere eventuelle reaksjonar etter det som har skjedd ved Nordfjord sjukehus.

Foto: NRK

Fylkeslegen er førebels avventande i sine kommentarar til saka som sprakk i media torsdag kveld.

Helse Førde har ved ein stikkprøvekontroll avdekkja at så mange som vel 200 pasientar kan vere sett på feil venteliste ved Nordfjord sjukehus.

I staden for å hamne blant dei prioriterte pasientane som får rask behandling, har både hjarte- og moglege kreftpasientar blitt skubba bak i køen.

Blei informert torsdag

Helsetilsynet vart torsdag føremiddag varsla av Helse Førde om at dei no sender saka over til dei for ei vurdering.

– Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har blitt informert fra Helse Førde om at dei har gjort ein gjennomgang av ventelistene ved poliklinikken ved Nordfjord sjukehus. Dei har funne at det er for få av pasientane som har blitt vurdert som rettigheitspasientar, seier fylkeslege Per Stensland til NRK.

Klare reglar

Han har førebels ikkje fått studere detaljane i saka, men han har blitt informert om at dei vil få oversendt alle detaljane i denne saka.

– På dette området finst det reglar som skal følgjast, og dersom det er slik at desse reglane ikkje er fulgt, så er det naturlegvis kritikkverdig. Men detaljane i denne saka kjenner vi førebels ikkje til. Difor uttalar eg meg no på generelt grunnlag, sler Stensland fast..

Kan vere kritikkverdig

Helse Førde ser sjølv svært alvorleg på det som har skjedd. Avdelingssjef for medisinsk avdeling i Helse Førde, Trine Vingsnes, fryktar det verste.

– Vel 200 pasientar vil bli kalla inn til ny vurdering, opplyser ho til NRK.

Fylkeslegen vil førebels ikkje slå fast nokon som helst konklusjon i saka. Den skal no vurderast nøye, men han legg heller ikkje skjul på alvoret i saka.

– Dersom det er slik at det er pasientar som har hatt behov for rask, prioritert helsehjelp har blitt satt på ei heilt anna type venteliste utan prioritet, så er dette særs kritikkverdige tilhøve.