Hopp til innhold

No skal det forskast på gamalosten på Austlandet

No ønskjer forskarar å finne ut om gamalosten også har helseeffekt for austlendingar. I april skal 300 forsøkspersonar vere med i testforsøket.

Gamalost frå Vik

MEIR FORSKING: No ønskjer forskarar å finne ut om gamalosten har helsefremjande effekt også utanfor Vikjabygda.

Foto: Oddleif Løset / NRK

168 vikjer deltok i eit tilsvarande gamalostprosjekt i mai i fjor, og no ønskjer stipendiat Rita Nilsen å finne ut om Gamalosten gir helseeffekt også for austlendingar, skriv Sogn Avis. Men først må ho ha på plass 300 forsøkspersonar.

– Kontakt meg i dag dersom du likar gamalost og bur på Austlandet, seier Rita Nilsen til avisa.

Stipendiaten ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) på Ås treng 300 frivillige ganske kjapt.

Konkluderte med helsefremjande effekt

Men det er ikkje første gong ein ser nærare på om gamalosten kan gjere godt på fleire måtar enn med smaken.

Tahis Mahmood Qureshi avla i fjor haust doktorgrad ved Universitetet for miljø og biovitskap på Ås om gamalosten og den helsefremjande verknaden entusiastane lenge har peika på.

Han fann gjennom doktorgradsarbeidet sitt mellom anna ut at gamalost inneheld store mengder vitamin K2, som er bra for beinbygning og hjarte, og som er påvist å vere krefthemmande.

Forskaren var ikkje tvil om konklusjonen: Gamalosten, som berre vert produsert ved meieriet i Vik i Sogn, er ei velsigning for både kropp og sjel.

Kan godt ha høgt blodtrykk

– Den ideelle forsøkspersonen er mellom 40 og 60 år, og har fått beskjed frå legen om at han eller ho har lit for høgt blodtrykk. Men vedkommande må ikkje gå på blodtrykkssenkande medisin, seier Nilsen til Sogn Avis.

Forsøkspersonane skal ete ost kvar dag, og alle som vil vere med, må vere villige til å bli plasserte i kva som helst av gruppene gamalost-, gul/kvitost- eller referansegruppa.

Forsøket strekkjer seg over åtte veker og skal starte opp i april.